Hopp til innhold

Så glad blei Ninni då ho møtte Cindy

FLORØ (NRK): På Furuhaugane omsorgssenter får bebuarane besøk av hundar fleire gonger i månaden.

Ninni og Bente kosar med Cindy

EKTE LUKKE: Ninni Pedersen var frå seg av begeistring då hunden Cindy kom for å halde ho med selskap.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Har du sett så fin ein hund, strålar Ninni Pedersen. Andletet hennar er omgjort til eit einaste stort smil.

Frivillige besøksvener frå Røde Kors kjem no på besøk med hundane sine til Furuhaugane omsorgssenter i Florø eit par gonger i månaden. Då er det vanskeleg for dei eldre å skjule begeistringa si.

– Det er kjekt med slike dyr. Du kan berre bli her med meg du. Reis heim alle de andre, spøker ho med ei avfeiande handbeveging.

Bente, Torbjørn, Torill og Bente

HÅPAR PÅ FLEIRE: Bente Nilsen med hunden Cindy, Torbjørn Vereide, Torill Kleiven med hunden Lilo og Bente Frøyen håpar fleire kommunar vil få til ordninga med å la hundar kome på besøk.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Responsen er god

Den som står bak den nystarta ordninga i Flora kommune er Bente Nilsen. Som frivillig besøksven i Røde Kors begynte ho å ta med seg kvalpen sin då ho fekk han for tre år sidan. Dette blei fort populært blant dei ho reiste heim til.

– Etter kvart spurte dei meir etter hunden enn etter meg. Eg såg at det var veldig god respons, seier ho.

Etter kvart starta ho kurs for besøksvener og hundane deira, og saman med hunden Cindy er ho no på fast besøk på sjukeheimen i heimkommunen.

– Det er forska på kva som er bra for einsame eldre, og medan babyar er på topp, er hundar og kattar på ein god andreplass, seier ho.

No håpar ho at andre kommunar vil følgje i deira fotspor.

Solveig, Torill og Torbjørn kosar med Lilo

FORNØGDE: Solveig Gulestøl helsar på hunden Lilo.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Dette er utruleg viktig

Også lokalpolitikar Torbjørn Vereide var med på besøksrunden førre veke. Han lærte i ung alder kor viktig selskap i form av dyr kan vere for eldre.

– Eg og far min tok alltid med oss hunden vår, Trixie, på besøk til eldre slektningar. Då forstod vi fort kven som skulle få arven, for å seie det slik, ler han.

– Varmen dukka liksom opp i kinna på alle som var i nærleiken, og det blei omtrent strikkepinnekrig kvar gong vi kom innom. Alle ville helse på Trixie.

Han trur besøkshundane kan hjelpe til med å overvinne einsemd, samt auke humøret blant brukarane på sjukeheimar.

– Det er veldig mange eldre som slit med einsemd. Det er eitt av dei største problema vi har i eldreomsorga vår. Å få nokon lysglimt i kvardagen, nokon augneblinksopplevingar, trur eg er utruleg viktig, seier han.