Reidar Føleide (57) har gått på jakt i over 40 år. Han har skote nærmare 400 hjortar - men aldri har han opplevd noko liknande som det som skjedde sist veke.
I det glopparen skulle flytte to skotne hjortar ned frå bøen, gjekk ein diger kronhjort til resolutt angrep på jegeren.
- Det var nifst. Eg har jo hatt dei nær meg før, men aldri på denne måten, seier Føleide.
Gjekk til angrep
om Gloppen-mannen, som var på jakt på bøen i Ryssfjæra ved Sandane då den brunstige hjorten reagerte.
Føleide hadde nett skote ei fjorkolle og kalven hennar, og var observant på den digre kronhjorten som gjekk og bjeffa i skogkanten.
Men idet han skulle trekkje dyra ned til vegen for å hente dei med traktor, vart det med eitt svært så dramatisk:
Bukken kom i fullt firsprang - og med hovudet senka mot Føleide.
- Eg vart sjølvsagt litt redd, og det einaste eg hadde å gjere var å skyte i bakken for å skremme, fortel han til NRK Sogn og Fjordane.
Skyt ikkje dei største
Men kronhjorten gav seg ikkje med det. Etter å ha luska unna, kom bukken tilbake ein gong til - og hensikten var det same: Føleide skulle få unngjelde.
- Eg skaut eit skot til. Hjorten veik unna først då han var eit par meter unna meg, seier nordfjordingen.
Han veit at ein illsint hjort fort kan spidde ein vaksen mann. Det var eit drama som var i ferd med å utspele seg på bøen.
- Dersom han hadde komme tilbake ein gong til, hadde eg avliva han. Men det var ein stor og fin bukk, og eg synest det var for gale å ein slik produksjonsbukk, forklarer han.
Ei intens naturoppleving
I ettertid karakteriserer Føleide hendinga som ei naturoppleving - men den var kanskje i mest intense laget sjølv for ein røynd jeger...
- Kva tenkte du medan dette pågjekk?
- Eg tenkte på å berge meg sjølv. Det var førsteprioritet.
- Var du redd?
- Ja. Hadde han komme igjen, veit eg ikkje kva eg hadde gjort.
Den røynde jegeren reknar med at kronhjorten reagerte på at mannen var i ferd med å ta ut haremet hans. Når hjorten er i brunst, er det slett ikkje uvanleg at dyra reagerer irrasjonelt.