NRK Meny
Normal

Rysta over toalettilhøva ved Stegastein

AURLAND (NRK): Utanlandske turistar fortvilar over at dei må bruke naturen som toalett ved attraksjonar som Stegastein i Aurland.

Stegasteinen i Aurland, turister, turister går i stor gruppe, turister tar bilder av utsikt, stengte toalett, skilt som står stengt på, motorsykler på veien over Aurlandsfjellet, Vatnasete i Sogndalsdalen, mann frå Statens vegvesen, rørlegger som ordner toalett.

Måndag vart det kjent at toalettet på rasteplassen på Vatnasete på riksveg 5 i Sogndalsdalen var stengt. Tysdag kom det fram at eitt av to toalett på utsiktspunktet Stegastein i Aurland også var stengt.

Begge stadene hadde trengde turistar teken naturen i bruk. Det låg ekskrement og toalettpapir i området rundt. I vestlandsrevyinnslaget øvst i artikkelen kan du sjå korleis det ser ut på Stegastein og høyre kva turistar synest om det.

Spanske Helena Sancho Idoate, som er guide for ei gruppe bussturistar, seier at talet på turistar i området aukar, og at stengde toalett ikkje gir turistane noko godt inntrykk.

– Vi har med ein del eldre menneske, og dei treng å gå på toalettet ofte. Difor er det viktig at dei få toaletta som er her er opne. Det er toalett på bussen, men det skal berre brukast i naudstilfelle.

Ho fortel at enkelte toalett på rasteplassar kan vere svært lite innbydande seint på dagen, når mange busslaster med turistar har vore innom.

Helena Sancho Idoate, turistguide

– GIR DÅRLEG INNTRYKK: Guide Helena Sancho Idoate måtte be bussturistane halde seg til dei kom ned til Aurland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Skuffande

Den engelske turisten Christina Baddick synest det er svært skuffande å møte slike tilhøve etter å ha teke turen opp til fjells.

– Det hadde vore betre om toaletta var i orden så folk slapp å grise til dette vakre landskapet. Det er ikkje ynskjeleg at folk går rundt og gjer frå seg i buskene.

Prosjektleiar Eivind Yttri i Statens vegvesen sa til NRK i går at vakuumtoalett som dei brukar på Stegastein lett går tette dersom folk puttar nedi ting som ikkje høyrer heime i eit toalett. Han seier det ikkje er grenser for kva dei finn att i røyra.

Har plan for neste sommar

Dermed er det ein fare for at toaletta går tett fleire gonger i sommar. Men reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier dei har ein plan for å unngå problemet i framtida.

– Saman med næringa, vegvesenet og kommunane legg vi no ein plan for korleis vi skal løyse dette frå og med neste sesong. Når folk kjem på besøk til oss må dei kunne forvente å kunne ha eit toalettilbod som er ope og tilgjengeleg.

Ståle Brandshaug

SKAL LØYSE PROBLEMET: Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå