Hopp til innhold

Rysta over haldning til fjorddeponi

Natur og Ungdom er svært kritiske Senterungdomen si haldning til gruveplanane i Engebøfjellet i Vevring.

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVEDRIFT: Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring utanfor Naustdal er svært omstridde.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Planane om gruvedrift i Vevring er omstridde, spesielt fordi det inneber dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Senterungdomen i Sogn og Fjordane meiner på si side at fjorddeponiet er uproblematisk. Natur og Ungdom rasar over haldningane.

Steile frontar mellom ungdomsorganisasjonar

Gruveselskapet Nordic Mining vil utvikle mineralet rutil i Engebøfjellet i Vevring. Overskotsmassen er planlagt dumpa i fjorden, noko motstandarane meiner er galskap.

Erlend Herstad som er leiar av Senterungdomen i Sogn og Fjordane meiner ein må slutte å verne om naturområda i fylket. I staden vil han unytte naturresursane som ligg klare og urørte.

– Eg meiner ein kan oppheve mykje av vernet som er i dag og heller leggje til rette for fornuftig bruk og uttak av naturressursar, seier Herstad.

Når det gjeld den omstridde gruveutbygginga i Vevring meiner Herstad at sjølve fjorddeponiet er uproblematisk.

– Eg er veldig for at Nordic Mining skal ha ein plass å kvitte seg med avfallsmassane og eg hellar nok mest mot ja til deponi, seier Herstad.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Ønskjer snarleg avklaring or gruveplanane i Vevring

AVKLARING: Politikarane i Naustdal håpar på ei snarleg avklaring rundt dei omstridde gruveplanane i Vevring. I morgon kjem miljøvernministeren på synfaring, og det er han som skal seie ja eller nei til fjorddeponi. (Vestlandsrevyen 14. november 2011).

– Uaktuelt med fjorddeponi

Haldningane får leiaren av Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane til å steile.

– Det er viktig å verne naturen. Det er livsgrunnlaget vårt og uansett kor mykje ressursar vi ønskjer å bruke så må vi samtidig tenke på kva konsekvensar det får, seier fylkesleiar Karoline Strand.

Ho er svært usamd i at uttak av naturressursar skal gå framfor vern av naturområde. Strand er kritisk til Senterungdomen si haldning til gruveutbygginga i Vevring. Ho meiner gruveutbygginga ikkje ein gong burde vore planlagt.

– Det er heilt uaktuelt med eit fjorddeponi i ein så rein laksefjord som Førdefjorden, seier Strand.

Får ministeren på besøk

I morgon kjem miljøvernminister Erik Solheim til Vevring for å ta problemområdet i augesyn.

Han og departementet hans skal seie endeleg ja eller nei til planane om storstila gruvedrift i Engebøfjellet, der ein vil dumpe fleire tonn med restmassar i den verna Førdefjorden.