NRK Meny
Normal

Distad: – Det bryt med alle vanlege prinsipp

FØRDE (NRK): Borgarlege fylkespolitikarar er rysta over at fylkesutvalet i dag gav fylkesordførar Jenny Følling mandat til å tilsetje ein politisk rådgjevar i fast stilling.

Marit Barsnes Krogsæter, Frank Willy Djuvik og Noralv Distad.

SJOKKERTE: Både Marit Barsnes Krogsæter (V), Frank Willy Djuvik (Frp) og Noralv Distad var rysta etter vedtaket i fylkesutvalet. Her frå eit møte i sommar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var KrF, Arbeidarpartiet og Senterpartiet som sikra fleirtal for at Følling får tilsetje rådgjevaren. Personen som blir tilsett er sikra jobb også etter den fireårige fylkestingsperioden.

– Det er prinsipielt svært uheldig og uforståeleg at fleirtalet gjekk for dette. Det bryt med alle vanlege prinsipp for tilsetjingar. Eg har aldri høyrt makan, seier ein sjokkert Noralv Distad (H).

– Det er eit tydeleg brot på tilsetjingspolitikken. Fylkesrådmannen tilset sin administrasjon. Men her skal fylkesordføraren tilsetje: Utan intervju, utan utlysing, utan kvalifikasjonskrav, så er personen sikra ein jobb i fylkesadministrasjonen, seier Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet.

– Må gjere det slik

Nyvald fylkesordførar Jenny Følling (Sp) forsvarar vedtaket med at det blir vanskeleg å tilsetje ein rådgjevar i 80 prosent stilling utan jobbtryggleik.

– Personen må kanskje seie opp jobben sin, kanskje ei 100 prosent stilling, for å jobbe for fylkesordføraren. Det å ha tryggleik etterpå har vore viktig for dei kandidatane eg har snakka med, seier ho.

– Er ikkje det ein risiko ein må ta når ein får ei betalt politisk stilling?

– Ja, men for oss, for meg, er det faktisk viktig å få ein person med den kompetansen det politiske miljøet treng, som kan vere eit godt bindeledd mellom det politiske miljøet og administrasjonen, og hjelpe fylkesordføraren og det politiske miljøet med den jobben som skal gjerast. Då må vi ta omsyn til behovet dei som skal tilsetjast har.

Fylkesutvalet

SAMLA I FØRDE: Her er fylkesutvalet under møtet måndag kveld. Tysdag føremiddag gjorde dei det omstridde vedtaket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Som ein statssekretær?

Ein kvar statsråd i regjeringa har ein eller fleire statssekretærar, som fungerer som bindeledd mellom statsråden og administrasjonen i departementet. Felles for statsrådane er at dei har partipolitisk tilknyting. Til dømes er den kjente, mangeårige stortingspolitikaren Gjermund Hagesæter (Frp) statssekretær for statsråd Anders Anundsen (Frp) i justis- og beredskapsdepartementet.

– Er ikkje dette som at ein statsråd får peike ut ein statssekretær som skal halde fram i jobben sjølv om det blir regjeringsskifte?

Jenny Følling

FYLKESORDFØRAR: Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– No er ikkje vi på statsrådsnivå, så det kan vel ikkje direkte samanliknast. Men nokre fylke lyser ut stillingar, nokre seier at fylkesordføraren peikar ut. Begge deler er praktisert rundt om. Vi må løyse dei praktiske utfordringane for å få dyktige folk, seier Følling.

Borgarleg side vil sjekke om det er lovleg

Sjølv om dei borgarlege er nedstemte i fylkesutvalet, har dei ikkje gitt opp kampen.

– Innvendingane er så sterke at vi vil sjå på om dette bryt med sentrale føresegner for tilsetjingar. Vi kan ikkje ha det slik. Det bryt med alle prinsipp, og eg har ikkje vore borti liknande, seier Noralv Distad.

– Dei borgarlege seier dei vil sjekke om det er lovleg – fryktar du ein slik sjekk, Følling?

– Det gjer eg ikkje, for eit fleirtal i fylkesutvalet har godkjent at vi kan gjere det slik.

– Men viss det er eit brot på spelereglane?

– Kva spelereglar? Vi må ha ein rådgjevar eller sekretær for fylkesordføraren. Og når fylkesutvalet har sagt korleis det skal gjerast, er det vel det som gjeld, seier Følling.

Vegopning på Bergum i Førde kommune