Hopp til innhold

Russen er rysta etter mogleg valdtekt på russefest

Det er forkastleg, trasig, trist og leit. Slik beskriv russen i Sunnfjord den moglege valdtekta i Førde.

Video Russepresidenten ved Mo og Jølster vgs. er sjokkert over russevaldtekt

RYSTA: Håkon Andersen, russepresident ved Mo og Jølster vidaregåande skule er sjokkert det som har skjedd.

Espen Tefre og Håkon Andersen ved Mo og Jølster vidaregåande skule var med på russefesten på Festplassen i Førde natt til onsdag. Dei sov i russebilen og vart vekte av politiet onsdag morgon.

– Politiet banka på ruta. Vi forstod ingenting, seier Andersen til NRK.no.

Skal ha skjedd på russefest

Lensmann Jan Egil Tvinde på Festplassen i Førde

ETTERLYSER VITNER: Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde ber folk som har sett eller høyrd noko om å ta kontakt med politiet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein mann i starten av 20-åra er mistenkt for det som kan vere ei mogleg valdtekt av ei jente i slutten av tenåra.

Den moglege valdtekta skal ha skjedd på Festplassen, som er ein populær samlingsstad for russen. Det var russefest på staden natt til i dag.

– Det er heilt forferdeleg visst dette stemmer. Slikt skal ikkje skje, verken her eller andre stader. Det er trist og leit, og det er ikkje noko kjekt når det skjer her, seier Andersen.

Han seier hendinga vil prege russemiljøet, og han trur mange vil tenkje seg litt meir om og drikke mindre framover.

Det samla seg ein del russ på staden i dag tidleg. Hafstad vidaregåande skule ligg rett over elva, og mange elevar går over brua til skulen. Ingen visste då kva som hadde skjedd, men mange NRK.no snakka med var svært engstelege alt oppstyret.

Politiet har sperra av området og held no på med både taktisk og teknisk etterforsking. Lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor etterlyser vitner som kan ha sett eller høyrd noko.

– Det var mange folk i området, så eg reknar med det var vitner til hendinga. Eg vil nytte høvet til å oppmode eventuelle vitner om å ta kontakt med oss. Jenta har forklart til politiet at ho er utsett for noko som kan ha vore ei valdtekt, seier Tvinde.

NETT-TV: Mogleg russevaldtekt i Førde

Video Mogleg russevaldtekt i Førde

NETT-TV: Ein mann i 20-åra er mistenkt for valdtekt av ein jente på ein russefest i Førde.

– Dette vil leggje ein dempar på russefeiringa

– Det er latterleg av den personen som eventuelt har gjort dette. Det er ei veldig trasig sak, og eg forsår ikkje kvifor folk kan gjere slikt, seier Tefre.

Både Tefre og Andersen er raudruss og syntes det er ekkelt å tenkje at både fornærma og den mistenkte er frå Sunnfjord.

– Det er heilt forkasteleg, rett og slett, seier Tefre.

– Trur du dette vil påverke russefeiringa framover?

Russepresident Peter Bengtsson ved Hafstad vgs.

SJOKK: Russepresident Peter Bengtsson ved Hafstad vidaregåande skule seier saka er sjokkarta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg trur kanskje ein del jenter vil tenkje seg litt meir om og ta det litt meir med ro. Det blir kanskje mindre alkohol, og eg trur mange jenter kjem til å følgje betre med. Denne saka vil nok leggje ein dempar på russefeiringa, svarar Tefre.

Russepresident: – Dette er sjokkarta

President for russen på Hafstad vidaregåande skule, Peter Bengtsson, fekk melding frå mor si om at politiet hadde sperra eit område på Festplassen.

– Mor mi ringte meg på veg til jobb, og gav meg melding om at det hadde hendt noko. Det heile er ganske sjokkarta, seier Bengtsson til NRK.no.

Den fornærma jenta er ifølgje politiet tatt hand om av helsepersonell, og vil bli undersøkt. Den mistenkte mannen sit i avhøyr hos politiet.

Russ på Festplassen i Førde

PREGA: Håkon Andersen og Espen Tefre, russ ved Mo og Jølster vidaregåande skule, trur saka vil gå ut over russefeiringa. Til høgre politibetjent Simon Haveland ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Foto: Bård Siem / NRK