Hopp til innhold

Utteken på G19-landslaget - men har fått medieforbod før cupkampen i kveld...

Florø-spelaren Kristoffer Ryland (18) er utteken på G19-landslaget. Men det får han ikkje snakke med media om. Ikkje før cupkampen mot Molde er over i kveld.

Kristoffer Ryland

PÅ LANDSLAGET: Florø sin venstrekant, Kristoffer Ryland, kan juble over uttak på G19-landslaget.

Foto: Truls Kleiven

– Han skal få behalde fokus på kampen i kveld, så får media heller snakke med han etter kampen, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Stemninga er til å ta og føle på i Florø før kveldens kamp mot Molde i tredje runde i NM-cupen.

Men trenaren gler seg stort over at 18-åringen er utteken på G19-landslaget.

– Det er ekstremt kjekt for Kristoffer å få moglegheita, og så er det utruleg artig for oss som klubb at han har fått den moglegheita, seier Rognsø.

  • SJÅ FLORØ-MOLDE LIVE:
    Kampen starter 18.00.

    FØLG KAMPEN I NETT-TV: NRK.no sender kampen mellom Florø og Molde direkte i nett-TV frå klokka 18 onsdag kveld.

  • LES OGSÅ: Florø totalydmyket Hødd: – Forferdelig skuffende

Har jobba hardt over tid

Kantspelaren har hatt ei enorm utvikling dei siste åra, og fekk gladmeldinga berre timar før cupkampen mot Molde.

– Han har jobba hardt over lang tid og er den sjette spelaren på laget som er teken ut på det årskullet. Det er veldig kjekt, seier Rognsø.

G19-landslaget skal spele EM-kvalifiseringskampar i Romania denne veka, der dei skal møte Russland, Austerrike og Romania.

Terje Rognsø

STAS: Florø-trenar Terje Rognsø gler seg stort over at nok ein Florø-spelar får sjansen på eit aldersbestemt landslag.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Han er ein spelar som er fødd seint på året, og som kanskje fysisk har lege litt bak opp gjennom oppveksten. Men vi har heile tida sett at potensialet har vore stort, seier Rognsø.

Han legg til at Ryland har mange gode kvalitetar.

– Han har eit enormt steg, stor fart og er uredd. Han er ekstremt spennande som spelar, og vi har heile tida sett at han har teke steg. Han er hardtarbeidande, og dette er ei stadfesting av at det lønner seg å stå på over lang tid, seier Rognsø.

Kjekt for heile klubben

At det gler eit trenarhjarte å oppleve slikt, legg han ikkje skjul på.

– Det er utruleg artig at han får sjansen, og det er ei stadfesting på jobben, som ikkje berre eg har gjort, men også andre har gjort. Dette er veldig kjekt for heile klubben, og det syner til heile gruppa at det er mogleg å få det til med det vi styrer med her ute, seier Rognsø.

Han trur uttaket også kan spele inn på kampen i kveld.

– Det er iallfall ikkje negativt. Vi har mange på dette kullet, og fleire av dei har vore innom landslag tidlegare. Det er stor konkurranse om å komme med, og det gir eit løft til spelargruppa og til Ryland, seier Rognsø.

Må stå over helgas kamp

Om timinga var heilt ideell rett før cupkampen, er han likevel litt usikker på.

– Det måtte ut akkurat no, fordi troppen skal inn i ettermiddag, så det var nøydd til å komme ut no. Kristoffer har vel visst om det eitt døgn, seier Rognsø.

Sidan 18-åringen snart må setje seg på flyet til Romania, for å hekte seg på resten av landslaget, som alt er på plass i Bucuresti, går han glipp av helgas kamp mot Grorud.

– Han må stå over den, men det er slik det er. Då er det andre i klubben som får sjansen, og den får dei gripe. Vi har ikkje problem med å gi frå oss spelarar til landslag, det tykkjer vi berre er kjekt, seier Rognsø.

  • SJÅ SOGNDAL-STRØMMEN LIVE:
    Kampen starter 18.00.

    FØLG KAMPEN I NETT-TV: NRK.no sender kampen mellom Sogndal og Strømmen direkte i nett-TV frå klokka 18 onsdag kveld.

Her er det førebelse uttaket til G19-landslaget:

Kristoffer Ryland, Florø

Mathias Dyngeland, Sogndal Fotball

Andreas Vindheim, SK Brann

Vegard Bergan, Odd

Bjørn Inge Utvik, Sogndal Fotball

Marius Christopher Høibråten, Strømsgodset Toppfotball

Iver Fossum, Strømsgodset Toppfotball

Vajebah Sakor, Juventus

Herman Stengel, Vålerenga Fotball

Bård Finne, 1. FC Køln

Kasper Skaanes, SK Brann

Torbjørn Grytten, Aalesunds FK

Pål Vestly Heigre, Viking FK

Anders Trondsen, Stabæk Fotball

Eirik Hestad, Molde FK

Tor Andre Skimmeland Aasheim, FK Haugesund

Morten Thorsby, Stabæk Fotball

Sander Svendsen, Molde FK

Rasmus Levin Martinsen, Viking FK