Føremålet med møtet var å avkrefte rykteflaumen. Det seier hovudtillitsvald i kjemisk, Billy Fredagsvik. Fredagsvik har opplevd å få telefonar både natt og dag. Spesielt har det vore hardnakka rykte om at Søderberghallen skulle stoppast rett etter nyttår. – Og dette synest vi var viktig å få avkrefta, seier Fredagsvik.
Stenging i 2007
Hydro har som strategi at dei gamle Søderbergomnane skal stengast innan 2007, og Fredagsvik kjenner seg trygg på at Hydro ikkje kjem til å framskunde desse planane.