NRK Meny
Normal

Sendt til sjukehus etter trafikkulukke

Ein mann i 40-åra og ei jente er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring ved Heggmyrane i Luster.

Laster kart, vennligst vent...

UTFORKØYRING: To personar er involverte i utforkøyringa på fylkesveg 55 ved Heggmyrane.

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 1209. Bilen køyrde av fylkesveg 55 ved Heggmyrane, mellom Gaupne og Hafslo i Luster.

– Ein bil med to personar har køyrt av vegen. Begge personane har kome seg ut av bilen, opplyste operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt like etter klokka 12.

Dei to personane som var i bilen blir sendt til sjukehuset i Førde. Årsaka til ulukka er førebels ukjend.

– Men det var dårleg føre i området. Det var sporete, tung våt snø og tett snødrev, seier Hatlenes i 13-tida.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast