Hopp til innhold

Klarte ikkje stogge, meia ned skilt

Naudetatane rykte i 14.30-tida ut til eit trafikkuhell i Luster. Tre personar sat i bilen som køyrde av vegen.

Trafikkuhell i Luster

UHELL: Tre personar var involverte i uhellet ved avkøyrsla til Solvorn i Luster.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Uhellet skjedde like ved krysset fylkesveg 55 og fylkesveg 338. Føraren av bilen fekk skade i ei hand.

AMK ved Førde sentralsjukehus kan førebels ikkje seie om vedkommande vart sendt til lege eller ikkje.

– Bilen med tre personar køyrde utfor vegen for å unngå å køyre inn i bil framfor som hadde stogga for ein bil som skulle svinge av til Solvorn, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Rimmen seier det førebels er uklart kvifor bilføraren ikkje klarte å stogge. NRK-reporter Halvor Farsund Storvik var på staden då uhellet skjedde på den rette strekka.

– Bilen har fått seg ein kraftig smell i front etter at den køyrde ned eit skilt og ein lyktestolpe, seier han.