NRK Meny
Normal

Rykte ut til sauer på rømmen

– Det hender at sauer går sine eigne vegar på hausten. Dei veit nok kva som er i vente.

Sauer på rømmen i Førde

JAGA VEKK: Ein flokk på åtte-ni sauer fekk laurdag ettermiddag hjelp frå både store og små med å komme seg vekk frå rundkøyringa ved Rema 1000 på Hafstad.

Foto: NRK.no-tipsar

Det seier operasjonsleiar Bengt Næss ved Vest politidistrikt i Florø. Like før klokka 14 fekk politiet melding om sauer som beita i rundkøyringa på Hafstad i Førde.

– Det var ein åtte-ni sauer som tusla på bytur. Patruljen fekk jaga dei ut av rundkøyringa og ein som tilfeldig kom forbi visste kven det var sine sauer. Han skulle syte for at dei kom seg dit dei skulle, fortel Næss.

Etter kort tid var sauene på langt tryggare beite enn blant bilane på E39. Næss seier dei ofte må ta hand om dyr i trafikken.

Sauer på rømmen i Førde

BEITE: Her, midt i laurdagstrafikken i Førde, fann sauene det lurt å ta laurdagsmiddagen.

Foto: NRK.no-tipsar

– Faktisk. Berre i dag er det andre meldinga. I halv ni-tida måtte ein patrulje på veg til Førde ta seg av ein større saueflokk som hadde forvilla seg ut i trafikken nord for Vassenden i Jølster.

– Men det er noko med sauer. Det hender at dei går sine eigne vegar på hausten. Dei veit nok kva som er i vente, humrar han.

– Og sauer er spretne. Eg har sjølv sett sau hoppe over inngjerdingar. Har dei først bestemt seg for å ta seg ein tur, så klarer dei det, avsluttar operasjonsleiaren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.