NRK Meny
Normal

Rykte ut til pipebrann i Jølster

Brannvesenet rykte fredag kveld ut til ein pipebrann i Jølster. Ein person fekk behandling av helsepersonell på staden.

Pipebrann i hus på Jølster

PIPEBRANN: Naudetatane rykte fredag kveld ut til ein pipebrann i Jølster.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Politiet melde klokka 22.30 fredag kveld om ein pipebrann på Svidalsneset i Jølster. Brannen har oppstått i eit hus med torvtak.

Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen seier klokka 23.35 at brannvesenet fekk kontroll på flammane like før klokka 23. Det er førebels uvisst kor mykje pipebrannen har fått spreie seg.

– Dei er ikkje sikre på om det er meir varme i huset, og jobbar no vidare på staden. Dei vil vere der så lenge som det er behov, seier Holvik til NRK.no.

Det var ein person i huset då det byrja brenne. Vedkommande er komen ut og får oksygen for røykskadar, opplyser operasjonsleiar Marianne Føleide i politiet klokka 23.10.

Både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til staden.

Brannmenn på taket i Jølster

PÅ TAKET: Brannmennene gjorde grundige undersøkingar på taket.

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Laster kart, vennligst vent...

PIPEBRANN: Naudetatane rykte fredag kveld ut etter melding om pipebrann i eit hus på Svidalsneset i Jølster.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.