NRK Meny
Normal

Menn i tenåra køyrde av vegen i Flora

Ein bil har køyrt av fylkesveg 614 ved Norddalsfjordkrysset i Flora. Ingen vart skadde i ulukka.

Laster kart, vennligst vent...

UTFORKØYRING: Førar mista kontroll over bilen ved krysset til Norddalsfjorden.

Politiet fekk melding om utforkøyringa kring klokka 1330. Bilen står delvis utanfor vegen.

Det var to personar i bilen, to menn i slutten av tenåra. Den eine skal ha klaga på smerte i ein arm.

– Begge er no ute av køyretøya. Det er glatt på staden, opplyser operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Like før klokka 16 opplyser politiet at ingen kom til skade i ulukka. Det skal ha vore glatt på staden då ulukka skjedde, og ska blir følgd opp av Flora politistasjon.

– Bilen er ikkje køyrbar, så bilbergar er rekvirert. Det er delvis passering på staden, seier han.

Dette er den andre utforkøyringa søndag ettermiddag. Ein mann og ei jente vart tidlegare i dag. sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Heggmyrane i Luster

Polsk vogntog sperrar riksveg 52 ved Tuv

SPERRAR: Dette polske vogntoget var på veg austover forbi Tuv då det sklei på vinterføre og saksa seg.

Foto: Geir Reidar Hestethun

Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal oppmodar vegfarande å køyre varsamt.

– Snøen krabbar nedover no, og der det er snøføre og rundt null grader er det glatt, seier han. Mellom anna har han fått melding om glatt føre over Utvikfjellet i Nordfjord.

Søndag er det også klart at fylkesveg 55 over Sognafjellet ikkje blir opna att i dag. Det same gjeld riksveg 13 over Gaularfjellet. Over Vikafjellet på same riksvegen er det kolonnekøyring.

– Så har vi ein situasjon på riksveg 52, der eit vogntog har saksa seg og sperrar vegen ved Tuv. Dette er varsla på Borlaug, seier Stadheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser