Hopp til innhold

Rykte ut til mogleg tunnelbrann- då dei kom var bilen borte

Brannvesenet rykte ut i sjutida onsdag kveld etter melding om ein bilbrann i Lærdalstunnelen.

Utrykning til Lærdalstunnelen

LÆRDALSTUNNELEN: Her kom det meldingar om ein bilbrann.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi rykte ut fordi det kom inn ei melding om ein observasjon inne i Lærdalstunnelen. Innringaren hadde sett ein bil med ei tønne på taket, og meinte det kom flammar derfrå, seier vaktleiar Frode Eide på 110-sentralen i Florø.

Men då brannvesenet kom til staden, var bilen borte.

– Det stod ingen bil der. Brannvesenet køyrde inn frå Lærdal-sida for å kontrollere. No har vi avslutta operasjonen, seier Eide.

Politiet vil prøve å stoppe bilen

– Det er ingenting som tydar på at det har vore nokon som har hatt noko naud i tunnelen, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord i politiet.

– Vi veit heller ikkje noko om kva tønne det skal ha vore på taket av bilen, men vi har fått meldingar om at ein liknande bil er sett på veg mot ferjekaia på Fodnes. Vi vil prøve å stoppe bilen på Sogndal eller Kaupanger-sida, seier han.

Politiet har i det siste fått fleire meldingar om eit nederlandsk reisefølgje med forskjellige ting på biltaket.

– Denne bilen kan vere ein del av dette reisefølgjet, seier Ole Tom Nord.