Hopp til innhold

Rykte ut til mogleg skred ved populært toppturmål i Sogn

Naudetatane frykta det verste då det kom melding om eit mogleg skred ved det populære turmålet Togga i Sogndalsdalen. Halvannan time seinare er alle som var i området gjort greie for.

Politiet gjer undersøkingar etter melding om mogleg skred ved Togga i Sogndalsdalen

UAVKLART: Politiet gjer undersøkingar opp mot bilar som står parkert på parkeringa der folk går opp i fjellområdet ved Togga.

Foto: NRK-tipsar

Naudetatane i Sogn rykte søndag ettermiddag ut etter at dei 12.21 fekk melding om eit mogleg skred ved fjellet Togga i Sogndalsdalen. Halvannan time etter den første meldinga var det framleis uavklart om det faktisk har gått eit skred.

Like etter klokka 14 stadfestar operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt at dei har avslutta aksjonen.

– Alle som var i bilane som står parkerte i området er gjort greie for. Det er ingen personar som er sakna. Vi har ikkje lokalisert noko snøskred, så vi har heller ikkje noko utgangspunkt for å leite, seier ho til NRK klokka 14.05.

Det er dårleg vêr i området, og betydeleg snøskredfare.

– Vi sender ikkje folk inn i området no, seier Knappen.

Fleire har høyrt noko som kan ha vore eit skred

Den siste halvannan timen har politiet jobba intenst med å finne ut om det har gått eit skred, og om det er folk som er tekne av skredet.

– Vi jobbar stadig med å få oversikt. Det er førebels ingen indikasjonar på at nokon er tekne, sa Knappen til NRK klokka 13.40.

Det var ein innringar som klokka 12.21 melde frå om eit mogleg skred ved fjellet Togga. Innringaren hadde ikkje sett raset, men høyrt det.

Togga er eit populært turmål for dei som går toppturar og ligg på 1250 meter over havet. Fjellet ligg i nærleiken av riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland.

Politiet var raskt sendt til staden, og har med utgangspunkt i bilane som står på parkeringa langs riksveg 5 teke kontakt med folk som er i fjellet.

Klokka 13.50 melder politiet at dei har gjort greie for alle som disponerer dei ni bilane som er parkert ved parkeringa ved Togga. Alle er i god behald, skriv politiet på Twitter. Politiet har også kome i kontakt med dei som var i bilar som stod parkert eit stykke unna.

I tillegg til innringar, har to av dei som politiet har snakka med som var i området, stadfesta at dei har høyrt noko som kan ha vore eit skred. Men ingen har til no sett eller lokalisert eit skredområde.

– Det er tett snødrev i området, og dårleg flyvêr. Det er ingen som har sett noko skred, sa Knappen 13.40.

Har ikkje sendt folk ut i terrenget

Førebels er det ikkje sendt mannskap ut i terrenget.

– Dette er ting vi vurderer fortløpande undervegs, seier Knappen.

Skredgruppa frå Sogndal vart kalla ut, det same vart mannskap og hundar frå Norske redningshundar og hundeekvipasjar frå politiet i Bergen. Desse vart snudd då aksjonen vart avslutta like over klokka 14.

Betydeleg snøskredfare i området

Brøytemannskapa i området har ikkje sett eller høyrt skred som har nådd vegen, men det kan ha gått skred lenger oppe i fjellet. Det snør i området og det har vore ein del vind i dag.

Ifølgje varslingstenesta varsom.no er snøskredfaren i området på faregrad 3, betydeleg snøskredfare.

Ved Sogndal skisenter, Hodlekve, som ligg nokre kilometer lenger sør i Sogndalsdalen hadde dei ikkje høyrt noko om eit mogleg skred i fjellområdet ved Togga då NRK snakka med dei litt før klokka 13.

Togga