Rykte ut til lyngbrann

Eit lyngområde på kring 100 kvadratmeter stod i brann ved Stakaldefossen i Jølster kommune.

Brannutrykking til Stakaldefossen ved Mo
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Brannvesenet rykte ut til staden med fem mann.

Ifølgje alarmsentralen var det snakk om eit brannområde på kring 100 kvadratmeter, men det var ikkje fare for bygg.

Klokka 20.35 melder alarmsentralen at brannen er sløkt og at dei held på med nedkjøling.

– Det er jo eit større område med ein del skog, men vi fekk sløkt det før flammane tok tak i den.