Hopp til innhold

Mann mista førarkortet etter kollisjon

To bilar var i ettermiddag involvert i ein kollisjon i Avenbukta på E39 aust for Lavik. Føraren av den eine bilen mista førarkortet.

Kø forbi ulukkesstad på E39

MANUELL DIRIGERING: Tysdag kveld var det manuell dirigering forbi staden i Avenbukta der bilane kolliderte.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I alt fire personar var i dei to bilane, og det blei slått storalarm. Det syner seg no at det neppe er snakk om alvorleg personskade.

– Politi, brann og ambulanse er på veg til staden, opplyser vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Florø til NRK.

Ved 17.15-tida var den eine ambulansen komen fram og tok kontroll på staden. Det blir no vurdert om dei som var i bilane må til legesjekk.

Ifølgje Statens vegvesen er det mogleg å passere dei to involverte bilane, og den sterkt trafikkerte E39 er såleis ikkje stengd. Tysdag kveld har det vore manuell dirigering forbi staden.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.04, og opplyser klokka 17.46 at ingenting tyder på at nokon blei skadd i kollisjonen.

– Uhellet har skjedd i samanheng med at eit køyretøy har komme over i motgåande køyrefelt. Førar, ein mann i 70 åra, fekk førarkortet kverrsett. Saka blir vidare etterforska av Høyanger lensmannskontor, opplyser politiet.

Kollisjon i Avenbukta på E39

RYDDAR OPP: Politi og brannfolk er på staden der dei to bilane small i hop.

Foto: Ronny Grimeland / NRK
Avenbukta