Hopp til innhold

Rykte ut til bustadbrann

Brannvesen og politi rykte i ettermiddag ut til ein brann i eit bustadhus i Lærdal.

Lærdal

Meldinga om brannen kom like før klokka 13, og ein ambulanse blei også sendt til staden.

– Det er to personar som bur i huset, og dei skal ha fått i seg røyk, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt.

Ingen personar er sakna etter brannen. Politiet melde på Twitter at brannen er sløkt, men at det var ein del røyk på staden.

– Det har vore flammar i huset. No har vi røykdykkarar inne for å sjå om det er varmgang.

Operatør Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier at det byrja å brenne i ein ventilator på kjøkkenet.

– Denne er no teken ut av huset på Fodnes. Mannskapet er no tilbake på stasjonen, seier han.