Hopp til innhold

Rykte ut til brann ved ungdomsskule

Alle naudetatar rykte ut etter melding om ein brann ved Førde ungdomsskule klokka 20.00 i kveld. Brannen vart oppdaga av folk som jobba i nærleiken. Det viste seg å brenne i to skur som stod inntil veggen ved skulen. – Brannen er no slekt og ingen skal vere skadde, seier Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Førde.