Hopp til innhold

Rykte ut til brann på hotell

Brannvesenet har i morgontimane fått kontroll på eit branntilløp på Rica Sunnfjord Hotel i Førde.

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen på Rica Sunnfjord Hotel i Førde tysdag morgon.

BRANN: Brannvesenet har tysdag morgon fått kontroll på eit branntilløp på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. FOTO/REDIGERING: Alf Vidar Snæland.

Brannsjef i Førde, Berhard Øberg, seier dei fekk melding klokka 06.30 tysdag morgon.

– Vi fekk melding om at det var røykutvikling ved hotellet, og rykte då ut med vaktlaget. Vi observerte raskt at det var røykutvikling ved spa-avdelinga på hotellet, seier Øberg.

Starta i gasspeis

Nina Andal ved Alarmsentralen seier til NRK.no at brannvesenet raskt fekk kontroll på branntilløpet og at dei klokka 07.09 melde frå at brannen var sløkt.

Øberg seier brannen har starta i ein gasspeis. For å sikre seg at det ikkje ligg att noko og ulmar i veggane har brannvesenet rive peisen og stengt av gassen.

– Situasjonen er no under kontroll, seier brannsjefen litt over klokka 07.

(Artikkelen held fram under videoen)

Brannvesenet har i morgontimane tysdag fått kontroll på eit branntilløp på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Brannsjef Bernhard Øberg fortel om kva som skjedde.

BRANNSJEF: Bernhard Øberg seier dei raskt fekk kontroll på brannen. FOTO: Alf Vidar Snæland.

Evakuerte gjestar

Hotellgjest Per Gunnar Sande seier i 07-tida at han kjende røyklukt allereie for to timar sidan.

– Men ein reagerer ikkje på slikt, ein trur det er noko ute på bygda, seier han og fortel at alarmen gjekk vel 06.40. Då evakuerte han saman med andre gjester.

Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen vedgår at det vart ein litt meir dramatisk start på dagen enn vanleg.

– Brannalarmen gjekk ca ti over halv sju, og då evakuerte vi nyefløyen, og i tillegg resten av gjestane våre, seier han til NRK.no.

Han er glad brannvesenet raskt fekk kontroll på brannen i gasspeisen.

– Etter kort tid kunne vi ta inn att gjestane, og dei som ikkje bur i den nye fløyen kunne gå tilbake til romma sine. For vel 20 minutt sidan kunne også dei gjestane som ha rom i nyefløyen gå tilbake til romma sine, seier Gullaksen til NRK.no klokka 07.50.

Gir dei tilsette skryt

Øberg gir skryt til dei hotelltilsette.

– Hotellet var evakuert då vi kom fram. Prosedyrane var følgde til punkt og prikke.

Brannvesenet er framleis på staden for å sikre at det ikkje er varmeutvikling der brannen starta.

Førde og Naustdal lensmannskontor etterforskar saka.

Brann på Rica Sunnfjord Hotel

RYKTE UT: Brannvesenet var raskt på plass.

Foto: Alf Vidar Snæland