Hopp til innhold

Frykta at brann i traktor skulle spreie seg til bygg og terreng

Rask innsats frå folk på staden og brannvesenet forhindra det som kunne blitt ein storbrann på ein gard i Stongfjorden i ettermiddag.

Brann i traktor i Stongfjorden

GOD INNSATS: Det lokale brannkorpset kom raskt til og fekk hindra storbrann.

Foto: Sølve Stang / NRK

– Klokka 14.42 har vi fått rapport om at mannskapet på staden har kontroll over situasjonen og det ikkje er spreiingsfare lenger, seier Frode Korneliussen ved Alarmsentralen til NRK.

Brannvesenet frykta at brannen i traktoren lett kunne spreidd seg, men gunstig vindretning var gull verdt for dei som skulle sløkke.

– Ein slik type brann kan fort eskalere på grunn av nærliggjande bygg og tørt landskap. Vinden gjekk frå bygningsmassen, seier Korneliussen.

Brann

DRAMATISK: Brannvesenet frykta at brannen skal spreie seg.

Foto: NRK-tipsar
Brann Stongfjorden

SYNLEG: Brannen i Stongfjorden er godt synleg frå området rundt.

Foto: NRK-tipsar