Hopp til innhold

Rykte ut til brann i trafokiosk i Vik

Brannvesenet ba folk halde seg unna - kom giftig røyk frå trafokiosk.

Brann i Vik

Politi og brannvesen rykte tysdag føremiddag ut til ein brann i ein trafokiosk på Midlang i Vik. Under ein halvtime seinare var brannen sløkt.

– Det kom mykje røyk frå trafokiosken, og etterkvart vart det synlege flammar. Vi ba dei næraste naboane om å halde seg unna, for slik røyk er spesielt giftig, seier Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Det var ein bonde som melde frå om brannen. Det var aldri nokon fare for at brannen skulle spreie seg, og mannskap frå Sognekraft kom raskt på staden og skrudde av straumen.

Etter ein halvtimes tid var brannen sløkt og situasjonen under kontroll.

– Brannvesenet er der og ventar på at det skal kjølne, slik at vi kan få undersøkt staden, seier Gjesdal.