Hopp til innhold

Krimteknikarar til Solund tysdag – hus totalskadd i brann

Tysdag kjem krimteknikarar til Solund for å starte etterforsking av husbrannen på Hardbakke.

Brann i hus på Hardbakke

FULL FYR: Brann i hus på Hardbakke i Solund. FOTO: Bjarte Engevik.

Politiet meiner no at brannen har starta i hovudetasjen i huset.

– Innsatsleiaren på staden opplyser til oss at brannen ser ut til å ha starta i 2. etasje, som då er hovudetasjen i huset, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt.

Klokka 14.30 måndag vart det meldt om brann i einebustad med to husvære i Hardbakke. Huset var overtent og i alt 35 personar i nabolaget vart evakuerte. Måndag ettermiddag melde politiet på Twitter at alle kunne flytte heim igjen.

Laster Twitter-innhold

Politiet har gjort avhøyr av ein del personar som var på staden, men kan førebels ikkje seie noko om kva som kan ha vore årsak til brannen.

– I morgon kjem krimteknikarar til Solund for å undersøke huset, og sannsynlegvis blir det den kriminaltekniske undersøkinga som kjem til å avdekke kva som var årsak til brannen, seier Hausvik.

Sju personar i huset

Klokka 15.25 opplyser politiet at det har vore sju personar i huset, men at alle skal ha kome seg uskadde ut.

– Eg har par no ikkje fått melding om at nokon skal vere skadde. Det vert no gjort ei fortløpande vurdering i forhold til vind om fleire skal evakuerast, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt.

Klokka 16 melder politiet på Twitter at ein person skal ha fått i seg røyk. Vedkomande var den som kom til staden og oppdaga brannen.

Laster Twitter-innhold

Det bur andre folk tett opp til bustaden som brenn. Blant anna er Solund Leilighetshotell evakuert.

Røyk skapar problem

Etter det politiet kjenner til skal det ikkje vere fare fore at brannen spreie seg, men at mykje røyk gjer at sju hus til no er evakuerte. Det vert fortløpande vurdert om fleire må evakuerast.

– Det er ein skule i nærleiken, men dei som er på skulen er i sikkerheit for røyken.

Det er framleis mykje røyk frå brannen og bebuarar i området vert bedne om å halde seg innandørs og lukke vindauga.

– Veit de kva som kan vere årsak til brannen?

–Det er for tidleg å seie noko om no, det får vi kome attende til når vi får litt meir oversikt på staden, seier Hausvik.

Politiet jobbar no vidare på staden med avhøyr av vitne.