Hopp til innhold

Rykte ut til brann i næringsbygg

Ein person er send til sjukehus for sjekk etter at vedkommande prøvde sløkkje ein brann i eit næringsbygg i sentrum av Svelgen. Brannvesenet jobba seg systematisk gjennom bygget for å sikre at den ikkje skulle blusse opp att.

Brann i næringsbygg i Svelgen

BRANN: Alle naudetatane rykte tysdag føremiddag ut til næringsbygget Granden i sentrum av Svelgen.

Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

– Det siste no er at brannvesenet melder at dei har kontroll på staden. Dei går framleis gjennom bygget for å kontrollere ventilasjonsanlegg og slike ting, seier operasjonsleiar Olaug Holme til NRK.no like før klokka 11.

Alle naudetatane rykte tysdag føremiddag ut til næringsbygget Granden i sentrum av Svelgen. Meldinga om brannen kom klokka 09.20.

Politiet var naturleg nok svært raske på staden, då lensmannskontoret ligg i same bygget.

Det skal ha vore open flamme på staden, og dei som oppdaga brannen skal ha forsøkt å sløkkje den utan hell.

Røykdykkarar frå brannvesenet melde klokka 09.44 at dei hadde kontroll på branntilløpet, men like over klokka 10 melde Alarmsentralen at dei framleis arbeidde i bygget.

Ein time seinare held dei framleis på inne i huset, seier Holme til NRK.no.

Gjennomgår bygget

Anne Marie Nekkøy ved Alarmsentralen i Florø opplyste til NRK.no like før klokka 10.30 at fleire lag av røykdykkarar hadde gått gjennom bygget.

– Vi har akkurat no eit røykdykkarlag inne i bygget for å sjekke etter glør og lufte ut, seier ho.

Det vart tidleg stadfesta at alle personane som var i bygget hadde kome seg ut.

Ein person til sjukehus

Holme hos politiet har førebels ikkje oversikt over kor mange personar som vart evakuerte frå bygget, men seier det er mange bedrifter som held til der.

Alle er uskadde, men unntak av ein person som er send til sjukehus i Førde. Vedkommande skal ifølgje politiet ha kome nær på røyken i forsøk på å sløkkje brannen.

– Vedkommande er send til kontroll etter å ha vore utsett for røyk, seier Holme.

Politiet kan førebels ikkje seie meir om brannårsaka. Førebels veit dei at brannen starta i andre etasje.

– Saka blir vidare etterforska, seier Holme.