Hopp til innhold

Rykte ut til brann i Førde

Politi, ambulanse og brannvesen har rykte ut til ei leilegheit i Hornnesvegen i Førde. Ingen skal ha blitt skadde.

Politi, ambulanse og brannvesen har rykka ut til ei leilegheit i Hornnesvegen i Førde. Ingen skal ha blitt skadde.

UTRYKNING: Alle naudetatane blei sende til staden.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi kjenner røyklukt, men ser ingen brann, opplyser operasjonssentralen til politiet.

Alarmsentralen til brannvesenet opplyser at det er røykutvikling i ei leilegheit i 3. etasje.

Alle i trappeoppgangen blei evakuerte. Politibetjent Kristine Skilbrei er på staden og seier det ikkje er opne flammar.

– Brannvesenet skal ta seg inn i leilegheita, så vi ventar til dei har gjort jobben sin.

Klokka 16:40 opplyser politiet at røykdykkarar har vore inne i leilegheita.

– Det luktar røyk, og det kan vere frå ein vedomn, skriv politiet på Twitter.