Hopp til innhold

Rykte ut til båtbrann i Flora

Brannvesenet rykte tysdag morgon ut til ein båtbrann ved Vevlingen i Flora kommune.

Båtbrann ved Vevlingen i Flora

BRANN: Brannvesenet rykte ut til øya nordvest av Florø ved hjelp av ein ambulansebåt og ei redningsskøyte. Bilete er frå redningsskøyta.

Foto: Redningsselskapet

Meldinga om brannen kom klokka 05.50 tysdag morgon. Det var ei 60 fot skøyte som låg til kai ved Vevlingen, ei øy nordvest av Florø.

Brannvesenet rykte ut med ambulansebåt og ei redningsskøyte, og like før klokka 07.30 melde mannskapet frå om at dei har kontroll på brannen.

Vaktleiar ved 110-sentralen, Kollbjørn Øvrebotten, seier til NRK.no at brannvesenet klokka 08.45 held på med ettersløkking på staden.,

- Røykdykkarar er på båten med varmesøkjande kamera for å sikre seg at dei har fullstendig kontroll på brannen, seier han til NRK.no.

Det skal ikkje ha vore personar i eller i nærleiken av båten då det byrja brenne, opplyser politiet.

Skadeomfanget er førebels ikkje kjent. Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen.