Brann i ambulansestasjonen vart raskt sløkt

Brannvesenet fekk raskt kontroll då det laurdag ettermiddag byrja å brenne på ambulansestasjonen i Gloppen.

Brann i ambulansestasjon i Gloppen

BRANN: Naudetatane rykte ut då det byrja å brenne i vaskehallen på ambulansestasjonen på Sandane.

Foto: NRK.no-tipsar

Befal Joar Flølo seier det var opne flammar og mykje røyk då brannvesenet kom fram til stasjonen i Gota på Sandane. Etter ti minuttar hadde røykdykkarar lokalisert og sløkt brannen som var i vaskehallen i garasjen.

– Det er sjeldan vi rykkjer ut til brann hos andre naudetatar, men det kan like gjerne byrje å brenne i ein ambulansestasjon som i eit hus, seier Flølo.

Utover at det brann i noko elektrisk ynskjer ikkje Flølo å kommentere kva som brann. Han vil heller ikkje spekulere i brannårsaka.

Brannen vart meldt i 1730-tida av nokre naboar som såg den kraftige røykutviklinga. Bygget har også hyblar. Ifølgje politiet skal ingen vere skadde eller sakna.

Vaktleiar Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Florø seier at ambulansepersonellet ikkje var på stasjonen då det byrja å brenne. Dei var ute på oppdrag.

Brannen var sløkt klokka 1747.

– Det var stor røykutvikling, men det brann på ein open stad og i eit stort betongrom, slik at spreiingsfaren ikkje var veldig stor. Hadde brannen fått utvikla seg, så kunne denn spreidd seg, seier Flølo.