Hopp til innhold

Mann omkom i trafikkulukke

Ein mann i midten av 70-åra omkom i trafikkulukka ved Holmevik Camping i Stryn i ettermiddag.

Ulukke rv 15 i Stryn ved Holmevik camping

FULL UTRYKKING: Luftambulansen er på staden.

Foto: nrk.no-tipsar

Det stadfestar politioverbetjent i Stryn, Lasse Trosdahl, overfor NRK. Dei pårørande er varsla.

Då NRK snakkar med han litt over klokka 16 fredag ettermiddag opplyser Trosdahl at det no pågår oppryddingsarbeid på ulukkesstaden og at eine køyrefeltet på riksveg 15 er opna igjen for trafikk.

– Om kort tid vil vi opne begge køyrefelta, seier Trosdahl.

Klokka 16.19 melder Statens vegvesen at riksveg 15 er opna igjen for fri ferdsel.

Ulukka vart meldt rundt klokka 13 av forbipasserande.

– Politiet vart varsla av AMK at ein bil låg i grøfta ved Holmevik camping. Det var ein person i bilen, og personen var medvitslaus. Det vart sett i gang hjarte- og lungeredning raskt etter at naudetatane kom til staden, seier operasjonsleiar hos politiet, Tatiana Knappen, til NRK.

Det er store materielle skader på bilen. Bergens Tidende skriv at politiet no jobbar med å finne ut om det var ei trafikkulukke eller om utforkøyringa skuldast sjukdom.

Politioverbetjent Lasse Trosdahl seier til Fjordingen at bilen har kome austfrå og køyrt av vegen og ligg i grøfta på motsett side.

Riksveg 15 var stengt i begge retningar ei stund, og det var lange køar på staden.

Alvorleg trafikkuhell