NRK Meny
Normal

Regnbye dempa brann i Aurland – i Vik kan ei kraftig bye med lyn vere syndaren

Brannvesenet har hatt ein travel ettermiddag fleire stader i landet. I Aurland har eit brannhelikopter vore i sving for å få kontroll på ein brann i terrenget, medan brannvesenet i Vik fekk arbeid etter ei kraftig torebye.

Lynnedslag starta truleg denne brannen i terrenget i Vik

LYN OG TOREVÊR: Etter at ei kraftig regnbye med lyn og tore hadde opna slusene over Vik, kom meldinga om røyk. Her er området der brannvesenet måtte sløkke ein mindre brann i krattet.

Foto: Sogn brann og redning

Eit helikopter frå Airlift har sidan 16.30-tida laurdag ettermiddag vore i sving med å sleppe ned vatn over eit fjellområde under Handklefjellet ved Aurlandsfjorden.

Brannen vart meldt inn i 14.30-tida og alle naudetatane rykte ut. Det viste seg at brannområdet låg så vanskeleg til at han berre kunne sløkkast frå lufta. Klokka 21 laurdag kveld har helikopteret avslutta arbeidet, etter over fire timar med sløkking.

– Vi held området under oppsikt gjennom natta. Det er sløkt, men det ulmar litt i midten enno, seier brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland brannvesen.

Han seier helikopteret har dynka eit område utanfor sjølve brannområde med vatn, og at dette vil fungere som ei buffersone.

– No håpar vi det kjem meir regn.

Brannhelikopter i sving over fjellsida i Aurland

SLØKKEARBEID: Brannområdet i Aurland er så vanskeleg tilgjengeleg frå bakken at den må sløkkast frå lufta. Her er eit brannhelikopter i sving laurdag ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

Lyn starta truleg krattbrann i Vik

Like før klokka 17 fekk brannvesenet melding om det som kunne vere brann i eit fjellområde over Nummedalsstølen i Vik. Meldinga om røyk kom like etter at ei regnbye med lyn og tore hadde rasa over området.

Det er ifølgje politiet ikkje stølar eller hytter i området, og det er heller ikkje meldt at det er personar i nærleiken.

Overbefal Eirik Røysi i Sogn brann- og redning seier til NRK klokka 18 at brannfolka som er på staden har fått meir eller mindre kontroll.

– Det er truleg lynet som har starta ein mindre krattbrann. Det er såpass lite brennbart materiale her, så det var greitt å få kontroll, seier Røysi som fortel at brannfolka har jobba med pisker for å slå ned brannen.

Ventar lyn og tore fram til i morgon

Fleire stader i Sør-Noreg har det byrja å brenne i terrenget på grunn av lynnedslag. Det skal ha vore opphaldsvêr i Aurland då brannen vart meldt.

– Det er fare for lyn og tore i Sør-Noreg fram til i morgon, seier vakthavande statsmeteorolog Hanne Beate Skattør ved Meteorologisk institutt.

Det er eit vanleg fenomen med slikt vær på sommaren, men det er farleg no som det er så tørt seier ho. Det er venta nedbør som skal halde fram til i morgon tidleg.

NVE har åtvara mot lokal flaum på grunn av intens nedbør. Den meste nedbøren er venta å kome aust om fjella.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut i området kort tid etter at brannen i fjellsida over Aurlandsfjorden vart meldt laurdag ettermiddag.

Fekk hjelp av regnet

Også Sivilforsvaret vart kalla ut etter at det kom melding om brannen nordvest av Skjerdal i Aurland.

– Området ligg vanskeleg tilgjengeleg. Det er veldig tørt i terrenget og det bles ganske bra, sa Aune ved Alarmsentralen kort tid etter at brannen vart meldt.

Klokka 15.40 fekk Alarmsentralen stadfesta at eit brannhelikopter vart sendt til området. Under ein time seinare var det på plass i fjellsida.

Der hadde det nettopp vore ei kraftig regn- og torebye, som har dempa brannen litt.

– Området det brenn i ligg ca. 200 meter over fjorden, så det er umogleg for oss å kome oss opp dit til fots, seier brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland.

Brannområdet skal ifølgje brannsjefen vere ca. 300 meter i breidde og 400 meter i lengde.

Brannområde under Handklefjellet i Aurland ca 1630

REGNBYE: Slik såg det ut i området der det brenn ca. klokka 16.30 laurdag. Ei regnbye har då dempa brannen ein god del.

Foto: NRK-tipsar

Brannfolka kom seg ikkje opp i området

Helikopter klar for å drive sløkkearbeid i Aurlandsfjorden

RIGGAR SEG TIL: Klokka 16.15 var helikopteret i ferd med å gjere dei siste førebuingane ved brannstasjonen.

Foto: Aurland brannvesen

Vind i området førte til at brannen spreidde seg.

– Viss helikopteret kjem rimeleg raskt, kan vi klare å få sløkt brannen før den kjem opp på sida og opp på fjellet. Vi håpar å halde den nede i fjellsida, sa Aune ved Alarmsentralen tidlegare i ettermiddag.

Brannsjef Sørensen seier klokka 16.15 at Sivilforsvaret sine folk blir sende heim, det same blir ein del av brannfolka.

– Det er ikkje noko vi får gjort frå bakken. No må helikopteret få gjort jobben sin, men vi meiner vi førebels har kontroll, seier han.

Helikopteret, som kjem frå Airlift på Bringeland i Sunnfjord, skal ha med seg mykje drivstoff, og kan halde på med sløkkjearbeidet i mange timar.

Skogbrann Aurland

SKOGBRANN: Det brenn i terrenget nordvest av Skjerdal i Aurland kommune. Det går fleire kraftleidningar i området.

Foto: NRK-tipser

NRK snakka tidlegare i ettermiddag med vitne som såg brannen frå lenger inne i fjorden. Det såg då ut til at brannen spreidde seg i begge retningar.

Kopla ut straumen

Det skal ikkje vere busetnad i området. Det skal heller ikkje vere eit typisk turområde, etter det NRK får opplyst frå fleire kjelder.

Det går fleire kraftleidningar i området, men det er førebels uklart kva som er årsaka til brannen.

Aurland Energiverk opplyser til NRK at dei har kopla ut linja mellom Skjerdal og Underdal for å vere på den trygge sida. Abonnentane i Underdal får no straum ifrå ei anna linje, så ingen er utan straum.

Brannen i fjellsida over Aurlandsfjorden er synleg frå sentrum av Aurland

SYNLEG: Brannen i fjellsida over Aurlandsfjorden er synleg frå sentrum av Aurland. Skjerdal ligg til høgre, utanfor bildet. Over brannområdet er fjellsidene glatte og bratte, med lite vegetasjon som kan byrje å brenne.

Foto: Heidi Haveland
Laster kart, vennligst vent...
Vegopning på Bergum i Førde kommune