NRK Meny
Normal

Rykka ut til skogbrann på Kaupanger

Brannmannskap rykka i ettermiddag ut til ein skogbrann på Kaupanger. Det har brunne i 200 kvadratmeter skogbunn i eit område med høg furuskog.

Skgobrann på Kaupanger

SKOGBRANN: Det brann i eit område på om lag 200 kvadratmeter på Kaupanger.

Foto: NRK.no-tipsar

Politiet fekk melding om brannen klokka 13:00 og rykka ut saman med Sogndal brannvesen og ambulansepersonell.

Brannen var i nærleiken av Mårkjetthola på Kaupanger, ikkje langt frå Kaupanger skule. Men det skal ikkje har vore fare for hus i området.

– Sløkkearbeidet er i gang. Det er skogsvegar i området som brannvesenet nyttar, seier Alarmsentralen til NRK like etter klokka 13.

Klokka 13:35 melder Alarmsentralen at dei har kontroll over skogbrannen. Flammane er slått ned, men det vil vere dynking av skogbunnen i nokre timar til. Difor vil det framleis komme ein del røyk og damp på området. Årsaka til at det byrja å brenne er førebels ukjent.

Brann på Kaupanger

SLØKKEARBEID: Brannvesenet fekk rask sløkt brannen i skogen på Kaupanger.

Foto: Arve Uglum / NRK

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå