Hopp til innhold

Rygga på bil og stakk

Politiet fekk til slutt has på ein person som rygga på ein bil og stakk av i Florø i går kveld. Eit vitne skal ha stått og sett på då det heile skjedde, og varsla politiet. Etter ei stund klarte dei å spore opp den skuldige, saka løyste seg ved at dei to involverte vart samde om å ordne opp.