Rygga i politiet med promille

Ein nordfjording i 20-åra er dømd til fengsel i 24 dagar for å ha køyrt bil utan førarkort med over 1,7 i promille. Mannen stoppa ikkje på signal frå politiet, men rygga i politibilen. Han fekk ei bot på 7000 kroner og to år sperrefrist på førarkort.