NRK Meny

Rydding vil koste fleire millionar

Selje kommune har fått eit anslag på at opprydding etter brannen på Selje Hotel vil koste mellom tre til fire millionar kroner, skriv Fjordenes Tidende. Saka er unntatt offentlegheita når den skal opp i formannskapet på onsdag. – Det er ein privat aktør som har bede om det. Det er ei bedriftshemmelegheit som ligg til grunn, seier rådmann Ørnulf Lillestøl til avisa.

Brannen i Selje Hotell
Foto: Hans Olav Landsverk / NRK