Ryddeguten vil til ein stor liga i Europa

SOGNDAL (NRK): Babacar Sarr har på kort tid blitt ein nøkkelspelar i suksessmannskapet til Eirik Bakke. Men han har ingen planar om å stoppe der.

Babacar Sarr taklar Sverre Hjelle Økland i skotaugneblinken

KJENT SYN: Slik er det mange som kjenner igjen Babacar Sarr på bana. 24-åringen er viktig for balansen i laget, og er ein ballvinnar av rang.

Foto: Christian Blom / NRK

– Eg håpar at eg kan ende opp i ein stor liga. Kanskje Tyskland eller England. Det er draumen min, og eg vil gjere alt for å klare det, seier Babacar Sarr.

24-åringen kom til Sogndal frå Start sommaren 2014. Under Eirik Bakke har midtbanespelaren frå Senegal slege ut i full blomst.

Kanskje er han no serievinnarane sin aller viktigaste spelar, der han ligg djupt i midtbana og balanserer laget med overblikk, aggressivitet og stor evne til å vinne ballen frå motstandarane.

Trenaren: – Han er ein uvurderleg spelar

Denne sesongen har Sarr spelt mest av alle spelarane på Sogndal. Det vil seie 27 kampar og totalt 2430 minutt. Einaste kampen han ikkje har fått med seg var då han måtte sone på grunn av gule kort.

Midtbanespelaren har blitt ein av dei trenaren først tek ut i startellevaren.

– Han er ein veldig viktig spelar. Han er roleg med ball og ein stor ballvinnar. Eit rivjarn – og uvurderleg for oss. Han er ein fantastisk type, kommenterer Eirik Bakke.

Babacar Sarr (t.v.)

OPP OG FRAM: Babacar Sarr vil opp og fram – helst til Tyskland eller England.

Foto: Christian Blom / NRK

Ryddegut som pushar medspelarane

Onsdag var senegalesaren igjen ein av dei beste spelarane på bana, då Sogndal halte i land 4-3-sigeren over opprykkskandidatane frå Kristiansund.

– Det var godt å vere utpå der. Trenaren seier til meg at eg er ein nøkkelspelar, og eg synest eg får mykje tillit. Han er veldig viktig for meg, seier Sarr.

– Ein del av jobben min er å rydde framfor forsvararane. Eg er nesten som ein kaptein, og skal byggje opp laget når vi er i trøbbel. Eg prøver å pushe folk, forklarer han.

Har eitt og eit halvt år igjen av kontrakten

Sarr er ein av tre spelarar som er nominerte til gullballen som årets spelar i 1. divisjon. Sjølv har han tru på at han kan gå av med sigeren i konkurranse med Pontus Engblom og Fredrik Haugen.

I Sogndal har han eitt og eit halvt år igjen av kontrakten.

– I fotball veit du aldri. Eg kan seie at eg skal spele her neste år, og så dukkar det plutseleg opp eit godt tilbod. No konsentrerer eg meg berre om å bli den beste spelaren denne sesongen. Og eg har tru på meg sjølv, seier Sarr.

Han legg til:

– Eg jobbar hardt kvar einaste dag. Eg skal klare å nå draumen min.

Lagbilete Sogndal - seriemeister førstedivisjon 2015

VINNARANE: Sogndal blir serievinnarar i førstedivisjon i år.

Foto: Christian Blom / NRK
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.