Hopp til innhold

Ryddar opp etter festivalpublikumet

NORDFJORDEID (NRK): 800 frivillige bidreg under Malakoff Rockfestival. Nokre av desse har fått ansvaret for å halde festivalområdet på stell.

Miljøvaktene

HELD OMRÅDET RYDDIG: Denne gjengen meiner festivalpublikummet burde vore flinkare til å rydde opp etter seg.

Foto: Alf Vidar Snæland

Mette Liland, Ida Bredesen, Birgitta Skille og Sigridur Remme er 14 og 15 år gamle og har tittelen miljøvakter på festivalen. Dei tok sjølve kontakt for å få jobbe gratis under arrangementet.

– Vi avtalte at vi skulle vere frivillige, og så spurte vi om vi kunne få lov, seier Skille.

– Folk er flinke til å stille opp

Jentene har saman med dei andre miljøvaktene ansvaret for at festivalområdet ser fint og ryddig ut. Dei meiner at festivalpublikumet kunne gjort jobben lettare for dei.

– Folk er ikkje så flinke til å rydde etter seg, spesielt ikkje på det området som er for dei over 18 år. Der er det skikkeleg mykje boss, fortel Remme.

Venegjengen jobbar 12 timar i løpet av helga og får då gratisbillett til festivalen. Dette var ein av grunnane til at dei tok på seg oppgåva.

– Det er veldig kjekt og sosialt. Folk er veldig flinke til å stille opp. Samstundes slepp vi å bruke pengar på å kjøpe billett, fortel Liland.

Miljøvakter

ROCKAR ARBEIDSOPPGÅVENE: Når venegjengen er miljøvakter får dei jobbe på festivalområdet, noko dei trivst svært godt med.

Foto: Alf Vidar Snæland

Trivst på festivalområdet

Miljøvaktene jobba også fredag, og tykkjer det er kjekt at arbeidsoppgåvene deira er på området, slik at dei kan få med seg musikken.

– Vi er på området heile tida, så vi får med oss alt som skjer. I går var det veldig kjekt å høyre på Honningbarna, seier Skille.

Kva artist ser dykk fram til i kveld?

– Vi har ikkje høyrt om så mange av banda før, men det blir veldig kjekt å oppleve ny musikk, seier Remme.

Er du på Malakoff? Merk gjerne bileta din med #nrksf. Du kan også følgje oss på Instagram – @nrksf