NRK Meny
Normal

Ryddar i fjorden etter Utvik-flaumen

Tre, bygningsmateriale og isopor med meir, blir drege opp av fjorden etter flaumen i Utvik. Dei reknar ikkje med å bli ferdige tysdag.

Bilferja Årdal og slepebåt

RYDDAR FOR FERJA: Slepebåten «BB Supporter» med bilferja «Årdal» i bakgrunnen.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det ser kanskje verre ut enn det er, på grunn av at det ligg mykje lauv og slikt i vatnet. Men det ser verkeleg ikkje bra ut, seier kaptein Hans Petter Mikkelsen på slepebåten «BB Supperter».

To båtar og eitt fly har heile tysdagen jobba med oppretting etter skadeflaumen i Utvik måndag på oppdrag for Kystverket.

MS Slåtterøy (Kystverket)

RYDDAR: MS «BB Slåtterøy» er på plass i Nordfjord.

Foto: Kystverket

Rydding rundt ferjesambandet

Overvakingsflyet til kystverket har kartlagt kvar alt drivgodset har hamna, og det meste har drive utover til ferjesambandet mellom Anda og Lote.

– Enkelte stader er det veldig mykje. Det er eit tett belte med blanding av mykje rart, mest mot Anda og Lote, seier Mikkelsen.

Laster kart, vennligst vent...

DRIVGODS: Øydelagde hus og anna har drive heile vegen frå Utvik til ferjesambandet Anda–Lote.

To båtar har drive oppryddingsarbeid i området heile dagen. Det eine er slepebåten «BB Supporter», som er eigd av firmaet Buksér og Berging AS, men er utleigd til Kystverket. Den andre båten er Kystverket sin eigen arbeidsbåt, MS «Slåtterøy».

Så mykje har drive på fjorden, at arbeidet ikkje er ferdig på langt nær.

– Dei er enno ikkje ferdige med jobben. Dei har nok nokre dagar med arbeid framfor seg, seier vaktleiar Hilde Dolva i Kystverket sitt beredskapssenter.

Mikkelsen seier drivgodset ikkje har skapt problem for ferjene, sidan dei starta arbeidet så tidleg.

Drivved frå Flaumen i Utvik

FUNN: Dette er blant det båten «Slåtterøy» har funne på vatnet.

Foto: Kystverket

Tek unna det verste

Mykje bygningsmasse, øydelagde hus, isopor og plast er blant tinga dei har funne etter flaumen. Den sopte mellom anna med seg bygningsmaterial som var lagra på området til Utvik Bygg. Men også store tre blei tekne med av vassmassane.

– I løpet av morgondagen trur eg vi har fått teke unna dei største tinga, seier Mikkelsen på «SS Supporter».

«BB Supporter» ryddar dei største delane, medan «Slåtterøy» tek seg av det som er mindre. Fordi ryddearbeidet kom fort i gang kunne fartøya rydde i belta før dei løyste seg opp og vart meir spreidd, ifølge Kystverket.

Rydding etter flaumen i Utvik

RYDDA OPP: Ein del av det mannskapet på «BB Supporter» har fiska opp frå fjorden.

Foto: BB Supporter

Det er ikkje observert nokon oljeforureining i sjøen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.