Ryddar i Aurlandsdalen

3. juni startar oppryddinga av den populære stien i Aurlandsdalen. Det gjekk eit stort steinras der i slutten av april, og kommunen oppmoda folk om å ikkje gå der fordi det var for farleg. 25.000 turistar går på denne turstien kvar sesong. Det er framleis ikkje tilrådeleg å gå i området før det er rydda og vurdert som trygt.

Ras i Aurlandsdalen
Foto: Nærøyfjorden Verdsarvpark