Rydda ras då det rasa på ny: – Vi sprang for livet 

Magnar Skjerdal og Stein Inge Skarsbø rydda eit gamalt ras på ein populær tursti i Sogn. Plutseleg høyrde dei eit brak og såg steinar som dundra mot dei.

Ras

SKREKKEN: Magnar Skjerdal (t.h.) og Stein Inge Skarsbø (t.v.) hadde ein arbeidsdag som var langt unna normalen.

Foto: ARNE VEUM

– Vi høyrde eit brak og såg opp mot himmelen. Då såg vi masse stein i lause lufta som kom mot oss. Eg frykta at vi kom til å bli slegne i hel, seier Magnar Skjerdal.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

I fleire år har dei rydda stien i det 40 kilometer lange dalføret i Aurland. Aurlandsdalen er ein ynda stad for mange fjellvandrarar og er ein av dei mest populære turstiane i Noreg.

Men med ein sti midt mellom stupbratte fjellsider viser også naturen sine krefter. Denne måndagen skulle arbeidsdagen i Sogn bli til ein kamp om livet for kollegaene.

– Vi sleppte alt vi hadde i hendene og la på sprang, seier Skjerdal.

Fleire hundre steinar rasa ned. Steinane var på størrelse med fotballar, meiner Skjerdal. Medan steinane trefte bakken sprang kollegaene mot foten av fjellet.

– Med all steinen som kom frykta eg for livet. Vi var sikre på at nokre av steinane ville treffe oss, for det kom så mykje, seier Skjerdal.

Pressa seg saman

Etter 15 til 20 meter på sprang kom kollegaene fram til ei lita hylle under fjellet som dei kasta seg under. Der fekk dei begge dekka overkroppen og hovudet.

Skjerdal og Skarsbø pressa seg saman. Rundt dei dundra det ned både steinar og sand. Noko av det trefte dei i hovudet og på skuldrene.

Så blei det stille.

– Vi veksla ikkje eit einaste ord, seier Skjerdal.

Arbeidskollegaene var trygge. Skjerdal meiner det er flaks at dei kom frå det med livet i behald.

– Det var ganske dramatisk, så det kvernar godt i hovudet etter det som skjedde. Vi hadde flaks, seier han.

Ras

RAS PÅ RAS: Det var i dette området i Aurlandsdalen at raset gjekk.

Foto: ARNE VEUM

– Kunne gått gale

Kvart einaste år blir det lagt ned mykje innsats for å halde stien ved like i det majestetiske landskapet gjennom dalen. Med stupbratte fjell på kvar side er det ikkje uvanleg med ras.

– Dette kunne fort gått gale, meiner Aurland-ordførar Noralv Distad.

Han er letta over at det gjekk bra denne gongen. Før det kan bli gjort noko meir med den populære turstien skal ein geolog inn i området.

– Ein geolog skal vurdere rasstaden og komme fram til kva vi skal gjere vidare, seier Distad.

Tusenvis av menneske går kvart år turen gjennom dalen, noko som gjer det til eit viktig reisemål for Aurland kommune.

– Vi håper at raset vert rydda raskt og at stien kan opne til sesongstart, men vi må tenke på tryggleiken først, seier Distad.

På tur i Aurlandsdalen

POPULÆRT REISEMÅL: Aurlandsdalen er ein populær tursti.

Foto: Elin Hansson / DNT