I helga hadde dykkarklubben Ægir i Måløy ein ryddeaksjon i hamna. Dette var ein del av ein landsomfattande aksjon som heiter «Hold Norge rent», og går ut på å rydde havbotnen og strandsoner.
Dykkarane i hamna i Måløy fann mykje rart i helga.
– Det var mykje gamle synder. Koppar og kar og bildekk som har lege der i lang tid. Det er jo mykje vind i Måløy og då kan mykje rart hamne på sjøen, seier Tor Sæther i Ægir dykkarklubb.
Tolv froskepersonar var i sving i ryddesjauen, og i løpet av ein dag hala dei opp heile 700 kilo rusk. Men Sæther seier at det er mykje som ikkje vart plukka opp denne gongen.
– Der er mykje meir, men då må vi planlegge og bruke kran. Då kan vi få opp ein god del meir.
Dykkargjengen har tidlegare rydda både i Måløy og på Nordfjordeid, og har planar om å rydde i Selje òg. Arbeidet er dugnad på eige initiativ.
Sæther meiner at søppel i hava er eit stort problem som øydelegg dyre- og planteliv.
– Spesielt mikroplast er skummelt, fordi plasten løyser seg opp og blir ete av fisk og av fuglar. På verdsbasis er dette eit stort problem, og vi prøver å få opp mest mogleg av dei vi kan, seier Sæther.