Rv. 15 opna att etter lastebilkrasj
Rv. 15 er opna att etter at ein lastebil køyrde i fjellveggen ved Torvika mellom Stårheim og Nordfjordeid i Eid. Lastebilen står i vegen, og det er store skadar på autovernet. Politiet opplyser at føraren blei tatt med til legesjekk. Bilen skal vere lasta med tauverk.