Hopp til innhold

Rv 55 stengd vest for Leikanger

Riksveg 55 er stengd like vest for Leikanger, etter at eit vogntog har køyrt av vegen og står fast. Vegen er stengd medan dei prøver å få laus vogntoget, og det kan ta éin til to timar før vegen kan opne, seier Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen i Lærdal.