Hopp til innhold

Rutinebrot på Førde sjukehus

Ein Helse Førde-pasient som var smitta med MRSA (antibiotikaresistente bakteriar) vart ved to høve plassert på firesengsrom, skriv Firda. Infeksjonar som skuldast MRSA-bakteriar kan vere særs vanskelege å behandle, og dei er difor ekstra farlege. Helse Førde har i ettertid gått gjennom hendinga for å hindre at liknande skal skje igjen.