NRK Meny
Normal

Rutil for 100 milliardar i Sunnfjord

Rutilforekomstane i Sunnfjord er i ei klasse for seg, ifølgje geolog. Men for å få tak i verdiane må det bli gruvedrift fleire stader inn i Engebøfjellet.

Førdefjorden/Engebøfjellet

RUTILREGIONEN: Det finst langt meir rutil i Sunnfjord enn her i Engebøfjellet i Vevring, seier geolog.

Foto: Simon Solheim / NRK

Are Korneliussen

ENORM VERDI: Are Korneliussen i NGU seier det er store mengder rutil å hente i Sunnfjord.

Foto: Norges Geologiske Undersøkelse

– Sunnfjordregionen er eineståande med tanke på denne type mineralressurs, seier geolog hjå Noregs Geologiske Undersøkingar, Are Korneliussen.

I 2001 skreiv han ein rapport om rutil i regionen. Konklusjonen var at her er verdiar for 100 milliardar. Nordic Mining har fått løyve til å utvinne 250 millionar tonn rutilmalm i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal. Rapporten frå NGU viser at det finst moglegheit for langt større verdiskapning.

– Den vil vere enorm. I eit norsk oljeperspektiv vil det vere ein lite del, men for regionen vil det vere veldig stort.

Store mengder mineral

Ved fjellet Steinkrossen, vest for Naustdal sentrum, finst det sannsynlegvis over 100 millionar tonn rutil. Og like nord for sentrum finst eit område som truleg har mellom 100 og 200 millionar tonn med rutil. Men deler av dette feltet er nesten i heilskap dekkja av eit bustadfelt.

Dette er berre i Naustdal. Sør for Dalsfjorden, i kommunane Hyllestad og Fjaler, finst andre store førekomstar. Til dømes i områda Ramsgrønova og Orkheia med minst 20 og 30 millionar tonn. Potensialet i Sunnfjord svært stort, seier Korneliussen i NGU.

– Det er mogleg å utvikle lønnsam gruvedrift på dette her med sjøen så nær. Ting ligg til rette for ei industriell utvikling, seier han.

Korneliussen understrekar at utvinningar utanom Engebøfjellet må utgreiast nærmare.

Uaktuelt med ny runde

Elisabeth Gammelsæter

POSITIV: Elisabeth Gammelsæter i Norsk Bergindustri seier det er stort behov for rutil.

Foto: Roger Manndal, NRK

Generalsekretær i Norsk Bergindustri, Elisabeth Gammelsæter, seier fokuset først og fremst bør vere på Engebøfjellet. Men interesseorganisasjonen ser positivt på meir utvinning i framtida.

– Om Nordic Mining eller andre selskap ser på dette, er det positivt for Noreg og lokalsamfunnet der resursane ligg. Rutil er eit mineral som det er stort behov for, og at vi kan utvinne det med vår kunnskap og omsyn til miljø er viktig.

Ivar Fossum

BERRE ENGEBØ: Ivar Fossum seier Nordic Mining ikkje har planar om meir gruvedrift.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Men Nordic Mining vil ikkje gå vidare med andre prosjekt enn Engebø. For der tok det åtte år, eit utal rapportar og over 100 millionar kroner å få eit ja frå regjeringa.

– Det er ikkje aktuelt. No har vi fått løyve til å utvinne rutil frå det området vi meiner er best og dannar grunnlag for høg produksjon i lang tid, seier Fossum.

Varaordførar Harald Kvamme frå Høgre seier Naustdal kommune ikkje har undersøkt moglegheitene for andre prosjekt.

– Moglegheitene kan sjølvsagt vere der utan at vi har tenkt på det, seier han.

– Dette kan gje grunnlag for mange arbeidsplassar i eit langsiktig perspektiv, men det er nesten ikkje ende på utfordringar som må løysast først, som til dømes arealkonfliktar og miljøproblem, seier Are Korneliussen i NGU.

Vegopning på Bergum i Førde kommune