NRK Meny
Normal

Han vil ha eit betre rutetilbod for å få heilårsturisme

– Eit meir føreseieleg rutetilbod for kollektivtransport vil gjere det lettare for turistar å planleggje turar til Sognefjorden heile året, trur hotelldirektøren i Balestrand.

Sigurd Kvikne

HEILÅRSTURISME: Hotelldirektøren er klar for å ha turistar heile året ved Kviknes hotell i Balestrand.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er jo veldig synd at vi ikkje klarer å få til meir heilårstrafikk. Infrastrukturen er heilt annleis om vinteren enn om sommaren, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand.

Hotelldirektøren og fleire overnattingsbedrifter i Sogn og Fjordane har hatt ein eventyrleg sommarsesong. Dei fem månadane lokkar turistar frå heile verda, men når oktober kjem stilnar det.

– Må kunne planlegge

Kvikne meiner rutetilbodet i fylket burde vore meir føreseieleg heile året slik at turistane kan planleggje.

– Vi har jo eit rutehefte som blant anna som gjeld for eitt år av gangen. Så dei må endrast slik at dei er føreseielege, og ideelt sett gjelde i 3 – 5 år, slik at marknaden veit kva som gjeld for å komme seg rundt.

Seniorrådgjevar Øystein Hunvik i samferdsleavdelinga til fylkeskommunen seier rutene gjeld eitt år av gangen for at ein lettare skal kunne gjere nødvendige endringar. I tillegg spelar økonomien inn.

Ekspressbåten Sognekongen på siuste turen til Flåm

TURISTAR HEILE ÅRET: Reiselivsnæringa er samde om at rutetilbodet må føreseieleg for at fleire turistar skal komme til fylket også vinterstid (arkivbilete).

Foto: Aurland og Lærdal Reiselivslag

– No er vi jo i ein situasjon der vi skal skjere ned så tidspunktet er kanskje ikkje rett for å lage langsiktige ruteplanar, seier han.

– Må gjere ting rett

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier dei no også vil skjerpa marknadsføringa mot alle årstidene.

Ståle Brandshaug i Flåm

KAN BLI BETRE: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord skjerpar marknadsføringa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Viss vi gjer ting rett no trur eg det er fullt mogeleg å få opp eit vesentleg større volum og mange fleire turistar utanom sommarsesongen.

For Sigurd Kvikne på hotellet i Balestrand er uansett klar for å ta imot fleire turistar heile året.

– Sengene er jo her, og dei ønskjer vi å fylle opp, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune