Musikarane fekk rustning i hovudet

Ein diger rustning deisa rett i orkestergrava, der 32 musikarar sat og spelte under Tryllefløyten-framsyninga ved Opera Nordfjord onsdag kveld. Til alt hell vart ingen skadde.

Rustning

SVÆR RUSTNING: Den store rustninga til høgre på biletet, ramla rett ned i orkestergrava der 32 musikarar sat og spelte.

Foto: Stig Høynes

Publikum som vitja onsdagens oppsetjing av Tryllefløyten på Opera Nordfjord, fekk med eit ekstra element av spenning som dei neppe hadde rekna med. Ein fleire titalls kilo tung rustning, fall frå scenekanten, utan forvarsel.

– Vi hadde eit veldig uheldig uhell som heldigvis gjekk bra. Eitt av sceneelementa, ein boks med ei rustning på, var plassert litt skeivt. Då ein gjennomsiktig duk skulle heisast opp, kom han borti understellet på boksen som rustninga stod på, fortel operasjef Kari Standal Pavelich.

Ei jarnstong tippa rustninga

Framme på scenekanten står det to rustningar. Dei er plasserte på ein slags sokkel med ein båtforma rygg på baksida. Under einskilde innslag, står skodespelarar bak rustninga og syng ut gjennom denne. Heile elementet er nær tre meter, og veg mange titals kilo.

Salen i Operahuset var fullsett under onsdagens framsyning, og det var knappe ti minuttar att, då uhellet skjedde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rustningane

RUSTNINGANE: Slik ser rustningane ut på nært hald.

Foto: Stig Høynes

Heile installasjonen tippa då eit gjennomsiktig teppe vart firt opp i taket. I botn på dette teppet er det ei jarnstong, og denne skal ha komme så vidt innanfor kanten på sokkelen, slik at han vippa heile sulamitten framover.

Rustninga, og resten av installasjonen, tippa først ned på scenekanten, før han heldt fram den ville ferda ned i orkestergrava, der 32 musikarar sat i full konsentrasjon og ante fred og ingen fare.

Dirigenten tok det med fatning

Dirigent Michael Pavelich trudde ikkje sine eigne auge då han såg rustninga komme seglande.

– Det såg aldeles forferdeleg ut. Det digre elementet tippa rett i orkestergrava. Eg heldt pusten medan vi fekk flytta på rustninga, og eg venta meg både blod og det som verre var, seier Pavelich.

Til alt hell kunne han konstatere at det knapt var eit skrubbsår å sjå.

Rustninga og elementet han er festa på, hadde treft slik, at ingen av dei skarpe kantane var ned mot musikarane. I staden trefte han med baksida, og den var forma som ein litt innhol båt, dermed kom ingen til skade.

Vart trefte i nakke og rygg

– Det såg veldig dramatisk ut, og det kunne fort skjedd at nokon vart skadde. Rustninga var borti eit par av musikarane som vart trefte i ryggen og nakken, seier Standal Pavelich.

Ho har vore i kontakt med dei det gjeld, og dei stadfestar at alt går bra.

– Såg noko mørkt kome mot oss

Elisabeth Røgeberg spelar klarinett og var ein av dei 32 musikarane som sat i grava då rustningen ramla ned.

Då publikum byrja lage rare lydar og dei på fremste rad røyste seg, ante ho at noko var gale.

- Eg høyrde på publikum at noko var i ferd med å skje. Så då løfta eg blikket frå notane i rein refleks, og då såg eg noko mørkt kome mot oss, seier Røgeberg til NRK.no.

Når uhellet først var ute, meiner Røgeberg at rustninga stod perfekt plassert. Då den ramla ned trefte den til alt hell midt mellom to rekker med musikarar. Røgeberg seier rustninga ikkje ramla rett ned, men heller kom sakte sigande.

- Dette kunne jo gått veldig gale. Dersom den hadde stått 40 centimeter lenger ut på ei av sidene hadde den kunne gjort stor skade, men det skjedde altså ikkje, seier Røgeberg.

Fekk berre smil

Ein rutinert dirigent Michael Pavelich, takla hendinga med stoisk ro, ifølgje fleire i salen.

– Eg sjekka med ein gong at alt stod bra til med musikarane. «Går det bra», spurde eg fleire gonger. Då eg berre fekk smil tilbake, sette vi i gong med framsyninga, seier Pavelich, som legg til at han merka det på musikarane.

– Rett etterpå spelte vi ein ouverture med eit ganske høgt tempo. Men onsdag heldt vi eit ekstra høgt tempo. Eg trur aldri vi har spelt ouverturen så fort før. Vi var fulle av adrenalin heile gjengen, seier Pavelich.

Publikum vart heilt stille

Til vanleg pleier publikum å bryte ut i applaus rett etter, men onsdag vart det heilt stilt.

– Eg trur dei var i sjokk, og visste ikkje heilt kva dei skulle tru, seier Pavelich, som losa både musikarar og publikum vel i hamn.

– Eg fokuserte på at ingen måtte få panikk. Og då det var klart at ingen var skadde, var det berre å halde fram. Kan ein halde fram, gjer ein det, seier Pavelich.

Men han legg til at han aldri, i sine mange tiår som musikar, har opplevd nok liknande.

– Ikkje i nærleiken ein gong, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tryllefløyten

STÅR ATT SEKS: Fredag er neste framsyning av Tryllefløyten. I alt står det att seks framsyningar.

Foto: Stig Høynes

Sikrar med tau

Operasjef Standal Pavelich er i full gang med å sikre at dei to rustningane skal stå støtt som fjell under dei siste seks framsyningane.


– Vi sikrar desse elementa med tau og alt det som trengst, seier Standal Pavelich.

Ho presiserer at ein i planlegginga av oppsetjinga har hatt tryggleik i fokus heile vegen.

– Vi har åtte andre vogner på hjul som er både store og tunge, og vi har brukt mykje tid i forarbeidet på å sikre. Blant anna har vi hatt konsulent frå Den Norske Opera her for å hjelpe oss med val av materiale og hjul og liknande, seier Standal Pavelich.

Var aldri fare for publikum

Men akkurat desse to rustningselementa var noko lettare enn dei andre sceneelementa.

– Dei skulle også brukast på ein annan måte, så vi hadde ikkje rekna med at dette var noko som kunne skje. Vi er veldig lei oss for dette, seier Standal Pavelich.

Ho stadfestar at det aldri var fare for publikum.

– Nei, elementet landa slik at det kom borti to av musikarane. Men det er klart, hadde dette landa på ein annan måte, kunne dette gått mykje verre. Vi må berre ta høgde for dette og sikre at det aldri skjer igjen, seier ho.

Står att seks framsyningar

Ho rosar både publikum og musikarar for måten dei takla uhellet på.

– Vi spelte gjennom siste scena for å skape ro i salen. Vi følte det var det rette å gjere, seier Standal Pavelich, som fekk mange tilbakemeldingar etterpå.

– Eg snakka med mange etterpå og alle hadde sett dramaet og tykte det såg dramatisk ut. Men folk tok det veldig fint. Eg trur måten vi løyste det på, då vi forstod ingen var skadde, var rett, seier ho.

Det står att seks framsyningar av Tryllefløyten, den neste skal spelast fredag.