NRK Meny
Normal

Her ligg luksusyachten framleis og rustar

FLORØ (NRK): Det skulle verte ein av dei mest påkosta yachtane verda hadde sett. No har den overdådige farkosten, verd meir enn ein halv milliard kroner, lege til kai og rusta i snart fire år.

I Florø har ein rusta luksus-yacht lege til kai i snart fire år. Under rustlaget skjuler det seg store verdiar, men ingen vil kjøpe båten - som har ein prislapp på 800 millionar kroner. Både naboar og dei som skal ferdigstille yachten begynner å bli utolmodige, men enn så lenge ligg han i Florø på ubestemt tid.

PJ WORLD EXPLORER: Slik ser luksusyachten ut i dag, sett frå hagen til verftsnabo Louise Stang Alden.

– ​ Då vi fekk tilslaget på ferdigstillinga av yachten, tenkte vi at han ville verte seld innan eit år var omme, seier Terje Totland i skipsreparasjonsavdelinga ved Westcon Group sitt verk i Florø.

– Vi skulle så gjerne vore i gang med å byggje båten ferdig, men det er no ein gong slik at vi er avhengige av at eigaren finn ein kjøpar, legg han til.

Spøkelsesyachten Florø

GLER SEG TIL Å SETJE BÅTEN I STAND: Terje Totland i Westcon Group gler seg til den dagen ein kjøpar melder seg, og yachten kan setjast i stand jamført Nuvolari og Lenard sine skisser.

Yachten skal vere innreia med helikopterdekk og ubåtrampe, kinosal, symjebasseng og arabisk hammam-spa, samt skjønnheitssalong. Ein russisk magnat skulle kjøpe farkosten for omtrent 800 millionar kroner hausten 2010, men han døydde brått av slag seks dagar før handelen skulle verte fullført. I 2013 kom båten til Florø for å bli bygd ferdig.

Spøkelsesyachten Florø 2

LYSTIGE TONAR: Lystig allsong kring pianoet var eit sjølvsagt innslag i dagsprogrammet til Keiser Wilhelm II då han og venene hans vitja dei norske fjordane i keisaryachten "Hohenzollern" for drygt hundre år sidan. Om bord på PJ World kan det også verte festleg. Teikning: Nuvolari & Lenard

Fire år seinare ligg yachten framleis ved kai i Florø. Han er brun av rust.

– Det er ei vakker skute. Høg, rank, du ser ho er slett og fin, og ho har isklasse. Ho kan gå gjennom islagde farvatn. Ho må absolutt vere interessant for mange kjøparar i både inn- og utland, seier Totland.

Nabo synest båten er skummel

Westcon Group inngjekk i 2013 ein kontrakt med den amerikanske yachtbyggjaren Palmer Johnson om å gjere luksusyachten ferdig så snart ein kjøpar kjem på banen.

I mellomtida lyt Westcon ha yachten liggjande til kai hjå seg.

NRK har vore i kontakt med fleire av dei som bur like i nærleiken av verftet. Medan somme nærast ser på båten som ein sjarmfaktor, er naboen som har verftet tettast på seg meir kritisk:

– Når eg får vener på besøk må eg fortelje dei om spøkelsesskipet som ligg nedanfor hagen min. Det er skummelt når det er mørkt, og eg er redd for å gå forbi. Eg har vanskeleg for å tru at nokon vil kjøpe båten, seier Louise Stang Alden.

Nabo Louise Stang Alden i hagen sin

LIKAR IKKJE SYNET AV BÅTEN: Eg likar ikkje at yachten ligg der nede, seier nabo Louise Stang Alden.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Trur på store inntekter av båten

På spørsmål om han trur potensielle kjøparar er skeptiske til å kjøpe det somme kallar eit spøkelsesskip, svarar Terje Totland nei.

Velkomen om bord

IKKJE VELKOMNE OVER LANDGANGEN: NRK sine utsende fekk ikkje løyve av Palmer Johnson sin kontaktperson i Noreg, Sigurd Jan Fanuelsen, til å gå om bord og sjå seg om i yachten

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Det skal ikkje vere noko problem å få selt ein slik vakker båt. Men det har vore ei tid med økonomiske nedgangstider innan yachtindustrien. Så langt har ingen kjøpar vore viljug til å gje så mykje som eigaren Palmer Johnson ber om.

– Vi synest rust ser fint ut. Her likar vi den reaksjonen som skjer mellom jarn og oksygen. Dess meir rust, dess meir arbeid for oss. Å sandblåse denne båten og stille han klar vil verte veldig lønsamt for oss, avsluttar Totland.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote