Hopp til innhold

Rustar seg til kamp for skuleavtale

Næringslivet og ordføraren i Gulen fortvilar – meiner det vil vere ein katastrofe for området om skuleavtalen med Hordaland forsvinn.

Halvard Oppedal

FORTVILAR: Sp-ordførar Halvard Oppedal i Gulen er budd på å kjempe vidare for Hordalandsavtalen.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Dette er den einaste moglegheit ungane våre har for å bu heime medan dei går på vidaregåande skule. Vi har igjen andre moglegheiter, då tømmer vi heile kommunen for ungdomar.

Det seier ein fortvila Senterparti-ordførar i Gulen. Halvard Oppedal vedgår at han ikkje er overraska over forslaget over å avvikle Hordalandsavtalen, men hadde l likevel håpa dei skulle nå fram med sine argument.

– Eg tenkte kanskje at jobben vi hadde gjort hadde synleggjort at dette er ein heilt nødvendig avtale, seier Oppedal.

Mange vil bli råka

Debatten om kva vidaregåande skular Sogn og Fjordane skal ha i framtida har rasa i fylket i fleire månader. Med færre elevar og mindre pengar må det gjerast grep.

Mange meier det er no kampen startar for alvor. I dag vart nemleg fylkesadministrasjonen lagt fram sitt forslag.

Tre av dagens 13 vidaregåande skular er føreslått nedlagde, det er Stryn, Luster og Høyanger. I tillegg vil dei avvikle Hordalandsavtalen og leggje ned Mo og Jølster vidaregåande si avdeling på Vassenden.

Vil ikkje la fylkesgrensa vere eit hinder

Hordalandsavtalen er ein avtale mellom fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland som gjer at elevar frå Solund og Gulen kan gå på Austrheim vidaregåande skule. Rundt 40 elevar har nytta seg av tilbodet, og årleg at avtalen kosta Sogn og Fjordane fylkeskommune mellom seks og ti millionar kroner i året.

Ordføraren i Gulen meiner ein ikkje kan leve med at avtalen blir avvikla.

– Men når vi må leggje ned så mange skular i vårt eige fylke, kvifor skal vi då betale for å halde oppe ein skule i eit anna fylke?

– Det er eit argument mange brukar. Men det er fordi vi skal få behalde elevane heime.

– Eg synest ikkje fylkesgrensa skal kunne stengje dei moglegheitene som er. I tillegg er det mykje næringsliv i området, både på Gulen-sida og Lindås-sida, og Austrheim vidaregåande er lagt opp til å ha linjer som tener næringslivet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein-Inge Larsen

KRITISK: Stein Inge Larsen i Byrknes Auto forstår ikkje at ein ønskjer kvitte seg med ein avtale som er så viktig for dei to kystkommunane.

Foto: NRK

– Ei fallitterklæring

Næringslivet i Gulen rustar seg også til kamp for å halde på avtalen. Stein Inge Larsen er dagleg leiar i transportfirmaet Byrknes Auto.

– Dette er sterkt beklageleg. Det viser berre at det er manglande forståing på fylket på kor viktig denne avtalen er for både Solund og Gulen.

Han er sjølv Høgre-medlem og ventar at fylkespartiet gjer det dei kan for å berge avtalen.

– Skal ein få folk til å busetje seg i Gulen, så tilbyr ein barnehage og skule, men når ungane skal på vidaregåande så må dei reise på hybel? Eg vil seie det så drastisk at dette er eit fallitterklæring, rasar han.

– Ikkje slik ein siktar mot framtida

Linn Vilberg som er gründer i Beat.no deler uroa, og fryktar dramatiske konsekvensar for næringslivet i området.

– Vi er veldig, veldig skuffa. Det er mykje spennande som skjer i området no, og det er ikkje slik ein siktar mot framtida, seier ho.

Ho trur ikkje dei som har føreslått avvikling av avtalen har sett seg inn i kva den betyr.

– Ungdomane kan bu heime, og ta båt i 20 minutt til skulen. Forsvinn avtalen tømmer ein Gulen og Solund for ungdomar. Den kortaste vegen til skule blir tre timar, og det er ikkje aktuelt å pendle.

Klare til å kjempe

– Eg er overraska. Eg trur ikkje dei kan ha sett på kartet. Dei vel i staden å bruke elevane frå Gulen og Solund som fyllmasse i eige fylke.

Både Vilberg og Larsen er budd på kamp. Ordførar Halvard Oppedal set stor pris på støtta.

– Det betyr veldig mykje. Vi må synleggjere for fylkespolitikarane kor viktig denne avtalen er for utviklinga vi har i området.