Normal

Rustar opp kampen mot oppdrettarar og plasten i havet

Naturvernforbundet opprettar sitt tredje lokallag i Sogn og Fjordane for å ta opp kampen mot oppdrettarar og plasten i havet. – Folk må få opp auga, seier Jon Anders Stavang.

Jon Anders Stavang

ALVOR: Flora får det tredje lokallaget av Naturvernforbundet i fylket. Jon Anders Stavang er ottefull for kor mykje natur som blir øydelagd i Flora.

Foto: Privat

– Vi opplever stort press på naturen i Flora. Her skal det sprengast, byggast og utvidast. Vi får industriareal på øyene, på fjella, vi får elvane lagt i røyr og vegar i hittil urørte område.

– Då tenker eg at det kan vere på tide å stoppe opp litt og sjå kva som er i ferd med å skje, seier Jon Anders Stavang.

Store endringar

Han er styremedlem i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og har flytta tilbake til Florø etter 20–25 år borte.

– Endringane frå då eg drog er rett og slett formidable. Dette legg kanskje ikkje folk som har budd her heile tida, merke til. Men det vore ei enorm industrisatsing, sprenging og bygging, seier Stavang.

Plast

FARE: Dette er 15 tonn plast. Så mykje hamnar i havet kvart minutt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ifølge naturvernforbundet har 75 prosent av kystfuglane forsvunne sidan år 2000, og på landjorda vert stadig meir natur bygd ned. I havet aukar plastmengdene. Stavang går difor i bresjen for å danne fylket sitt tredje lokallag i Flora.

– Målet vårt er å gjere folk merksame på at vi beveger oss inn i ei tid der vi påverkar naturen i så stor grad at vi er i ferd med å miste ting vi ikkje får igjen.

Mellom

– Kva vil de spesielt ta tak i Florø-området?

– Regjeringa ynskjer å femdoble oppdrettsnæringane her. Belastinga på kystnaturen blir temmeleg sterk. Næringa har eit godt potensial fordi det er ein energivenleg form å produsere kaloriar som menneskeføde på. Litt av problemet er kloakken som blir slept ut, lakselusa og at ein nyttar proteinråvare frå regnskogområde.

– Kva må til?

– Det er dette med magemålet. Det er vanskeleg å seie nei til friske pengar. Men kva er viktig i livet? Å stadig bygge velferd på kostnad av naturen. Eller skal vi ha det bra med levande skogar og urørte fjellvidder.

Store mengder plast og avfall langs kysten

PLAST: Det har vore fleire ryddeaksjonar av plast langs kysten av Norge siste tida.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Plast

Stavang er også ottefull for plasten i havet.

– I Norge har vi ein viss kontroll på avfallsmengdene. Men med havstraumane kjem mykje plast frå utlandet. Dette legg ekstra press på dyrelivet i tillegg til at plasten ikkje forsvinn. Vi må få ei dreiing mot nedbrytbare produkt.

Han håpar florøværingane blir med i lokallaget.

– Klarar vi fylle lokalet med 50 personar, er vi nøgd, seier Stavang.

Vegopning på Bergum i Førde kommune