NRK Meny
Normal

Rustar opp Hotel Mundal for fleire titals millionar

Hotel Mundal har henge etter med vedlikehaldet, men no rustar dei opp i gamal stil. – Ein kjem ikkje langt for nokre millionar i dag. Vi ser for oss at den totale summen blir mellom 10 og 30 millionar, fortel Ola Moe.

Hotel Mundal - inngang anno 2017

HOTEL MUNDAL: No skal eigarane i samarbeid med Riksantikvaren, bruke fleire millionar på restaureringa av det gamle hotellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Både eigarane og Riksantikvaren vil stille med midlar. På den måten kan hotellet renoverast og setjast tilbake i god stand, fortel Ola Moe som er styreleiar for Hotel Mundal

Hotellet ligg i Mundal ved Fjærlandsfjorden i Sogn og Fjordane. Bygningen i drage- og sveitserstil er teikna av Peter Andreas Blix og har ei historisk betydning.

– I samarbeid med Riksantikvaren har vi kome fram til at hotellet bør få ein vernestatus. Vi er i prosessen med delvis freding av hotellet. Vi ønskjer å ta vare på den gamle stilen og er audmjuke i forhold til den kulturarven hotellet representerer, seier Moe.

Heng etter på vedlikehaldet

– Riksantikvaren har gitt verdifulle innspel og kjem med føringar for korleis vi skal restaurere, fortel Moe.

Historia til hotellet strekk seg tilbake til 1850-talet då dei første turistane, hovudsakleg frå den engelske overklassa, kom for å fiske laks. Då turiststraumen auka, reiste Mikkel Mundal og fleire familiemedlemmar hotellet. Dei siste åra har dagens eigarar hengt etter med vedlikehaldet.

Hotel Mundal, manglande vedlikehald

MÅLINGA FLASSAR AV: – Hotellet har eit betydeleg etterslep på vedlikehaldet, fortel Ola Moe. Dette skal dei no gjere noko med.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det må takast inn igjen. Vi veit ikkje kor mykje midlar som trengst og er i ei fase med anbod. Det skal også gjerast tekniske undersøkingar, fortel Moe.

Utvidar kapasiteten

Dei siste åra har Hotel Mundal hatt ein auke på gjestedøgn. No skal også kapasiteten bli utvida med fleire nye rom.

– Alle prognosar viser at det er ein stadig større turiststraum mot Noreg, særleg mot Vestlandet. Mundal er ein fantastisk stad og vi får nok vår skjerv av det.

Moe håpar ei ytterlegare auke vil medføre at hotellet tenar meir pengar, og at dei i framtida er i stand til å dekke rekningar på vedlikehaldet sjølve.

– Hotellet har ein arv og ei rolle som skal handsamast med stor audmjuke, stoltheit og glede. Det handlar ikkje berre om pengar, fortel Moe.

Mundal Hotel ca. 1895

MUNDAL HOTEL, CA 1895:– Det er ei gåve å få jobbe med Hotel Mundal, fortel Ola Moe.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå