NRK Meny

Rustar opp badeanlegg

Havhesten i Florø stenger dørene i over eit halvt år. Det skriv Firdaposten. Planen er å ruste opp badeanlegget for totalt 45 millionar kroner i to ulike fasar. Første fase tek truleg til frå august 2018 og vil gjere at Havhesten vert stengt i seks månader. Anlegget ber preg av slitasje og millionane skal bli brukt til å oppgradere og rehabilitere.

Havhesten i Florø
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK